TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Arsenal er friskmeldt og vinn enkelt 2-0. Cech har dermed heldt nullen i 170 Premier League-kamper og passerer dermed David James som er nummer to på lista. Etter at 1-0 scoringa kom, var aldri poenga i faresona. Heimelaget er dermed ny serieleiar, før toppkampen mellom Leicester - Manchester City i morgon. Takk for følget!
Kamp slutt Slutt (2-0)
90+3'
Det er lagt til minimum tre minutt. Straks game over.
90+3'
Spillerbytte
90+3'
Her svingar det fort! Først har Bournemouth eit greit skotforsøk, og Arsenal køyrer kontra. Der får Walcott avslutta frå skrått hald, men keeper reddar.
90+1'
Hjørnespark
Blir rydda unna av Chambers på første stolpe.
90+1'
Vi er på overtid.
89'
Walcott lurer seg inn bak forsvaret, og er heilt aleine i det ballen kjem inn i feltet. Pasningen er dessverre for heimefansen litt for hard og Walcott når difor ikkje fram.
87'
Monreal med fint innlegg frå venstre, men ingen av Arsenal-angriparane er først på ballen. Gjestene kan køyre ei kontring.
86'
Det ser ut som vertene kan ta kveldsmat på tabelltoppen i kveld. Skal mykje til om Bournemouth skal score to kjappe her.
84'
Hjørnespark
Ufarleg.
83'
Så smell det i stolpen frå Arsenal! Det er Oxlade-Chamberlain som klinkar til frå 20 meter, via eit Bournemouth-bein. Får corner.
83'
Oxlade-Chamberlain får ilt. Ristar smerten i ansiktet av seg, og spelar vidare.
81'
Spillerbytte
81'
Murray vart matchvinnar på Stamford Bridge mot Chelsea. Kan det bli noko magi frå innbytaren i kveld?
80'
Spillerbytte
80'
Spillerbytte
80'
Gjestene har hatt mesteparten av ballen siste minuttane. Prøver å spele seg gjennom Arsenal-forsvaret slik berre Barcelona kan. Men Bournemouth har ingen Messi på laget..
78'
Blir ikkje det heilt store ut av Bournemouth sitt angrepsspel. Slit med å komme til dei heilt store sjansane.
76'
Bournemouth prøver seg med ein langspurt siste kvarteret. Trillar ball høgt oppe på vertene sin banehalvdel.
75'
Thierry Henry har Premier League-rekorden med 20 målgjevande pasningar på ein sesong. Özil er no oppe i 16 på ein halv sesong.
73'
59983 ser kampen frå tribuneplass.
72'
20 minutt att å gjere det på for gjestene. Tankane på Bournemouth-benken er nok alt anna enn positive no.
70'
Lang pasning i retning Özil i feltet, men ballen blir litt for høg.
69'
No er det 11 artistar og 11 spelande tilskodarar på bana. Alt handlar om heimelaget.
68'
Bellerin stormar framover, og han finn Walcott på kanten. Han legg ballen til rette og klinkar til. Kula fyk like utanfor stolpen!
66'
Hjørnespark
Gabriel har luftrommet på Emirates for seg sjølv. Denne gongen går avslutninga over mål.
66'
Wenger ser forøvrig like sinna ut no som etter 4-0 mot Southampton sist. Mykje vil ha meir?
63'
Mål!
2-0
Magisk fotball frå Arsenal! Özil stormar framover, og spelar vegg med Giroud. Han vipper ballen elegant vidare med hælen, og plutseleg er assist-kongen aleine med keeper. I den posisjonen ville han avslutte sjølv - og det gjorde han sikkert som banken!
61'
Spillerbytte
60'
Gult kort
For seint inne i ei takling. Grei den.
60'
Gosling vil ha straffe, men får det ikkje. Kan nok bli diskutert i ettertid den! Er først på ballen, og blir sparka i foten like etter.
59'
Arter skyt frå langt hold, men blir blokkert i blokka.
57'
Bournemouth opnar andre omgang slik dei opna den første. Best!
56'
Hjørnespark
Kampens niande, og Bournemouth sitt første hjørnespark så langt. Blir avklart.
54'
Høgreback Smith er med i angrep, men innnlegget går rett i fanget på keeper Cech.
52'
Bournemouth har flytta laget høgare opp i bana etter kvilen.
50'
Gabriel reddande engel så langt i kampen for Arsenal.
50'
King kjem aleine med keeper, men vinkelen er for skrå. Prøver å finne pasningsalternativ inne i feltet, men Gabriel får avklart.
48'
King bruker litt drivstoff på å jage på topp for gjestene.
47'
Arter får frispark på midten. Tek det kjapt og kort.
46'
Gjestene tek avspark i andre omgang.
46'
Spillerbytte
30'
Gult kort
Start 2. omgang Start 2. omgang
Vi skal aldri avskrive Bournemouth, så det går mot 45 spennande minutt i andre omgang. Følg med!
Då går laga til pause på stillinga 1-0. Bournemouth opna kampen meget bra, men Arsenal tok gradvis meir og meir utover i omgangen. Midtstoppar Gabriel fekk sjansen frå start, og takka for tilliten med å sende heimelaget i føringa etter 27. minutt. Etter scoringa hadde heimelaget fleire halvsjansar til å auke leiinga, men klarte det ikkje.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+3'
Lang ball mot Giroud i feltet. Han legg seg bakpå med Francis i rygg, og går i bakken. Dommaren vinkar spelet vidare.
45+1'
Det er lagt til minimum eitt minutt.
45+1'
Frispark til Arsenal. King er nede i eige felt og nikkar unna.
42'
Hjørnespark
Nok ein stor sjanse etter corner! Bournemouth-forsvaret slit med markeringane, og Gabriel får nok ein gong stusse ballen vidare bakover i feltet frå første stolpe. Der kjem Ramsey i stor fart, men avslutninga går ikkje i retning målet. Nær 2-0!
42'
Lufta gjekk litt ut av Bournemouth etter baklengsmålet. Akkurat no har heimelaget eit godt grep om kampen, og er nærmare 2-0 enn gjestene er 1-1.
41'
Özil med nesten ein målgjevande i snitt per kamp så langt denne sesongen. Imponerande!
39'
Hjørnespark
Corneren frå Özil blir rydda unna.
38'
Etter scoringa har Arsenal tatt meir og meir over. Snart berre eitt lag på bana.
37'
Hjørnespark
Gjestene får kontroll.
35'
Hjørnespark
Blir rydda unna.
34'
Hjørnespark
For ein sjanse for Arsenal! Corneren frå Özil treff nok ein gong hovudet til Gabriel på første stolpe. Han stussar vidare, og ballen fyk rett i stolpen. Returen treff panna til Mertesacker, og midtstopparen rekk ikkje å reagere! Ballen går like utanfor!
31'
Dermed er Arsenal i skrivande stund på tabelltoppen.
30'
Viktig scoring for heimelaget. Jubelscenene var eit tydeleg bevis på kor mykje det betyr.
29'
Dette var Bournemouth sitt 13 baklengsmål på dødball så langt denne sesongen. På 19 kampar er det for mykje.
27'
Mål!
1-0
Perfekt corner frå Özil, og der stangar midtstoppar Gabriel inn 1-0! Han riv seg laus frå markeringa, og får gå relativt upressa til værs. Ballen fyk i nettaket bak ein fortvila Boruc i Bournemouth-buret.
27'
Hjørnespark
26'
King i duell mot Chambers på midten, men einaste norske bidrag på bana blir litt for liten i den situasjonen.
25'
Arsenal sin første halvsjanse i kampen. Lang ball i retning Walcott, men angriparen når ikkje fram.
23'
Fine kombinasjoner av Arsenal, men innlegget frå Oxlade-Chamberlain er knallhardt - og har passert sidelinja på motsatt side før Giroud i det heile rakk å reagere.
21'
Bournemouth fullt på høgde så langt. Heilt ope i det vi passerer 20 spelte minutt.
20'
Lang ball mot King, men Cech les spelet godt.
19'
Halvparten av Bournemouth sine baklengsmål har komme i perioden mellom 15-45 minutt. Spørst om dei held tett i kveld.
16'
Bournemouth ligg med alle 11 langt inn på eigen banehalvdel når Arsenal trillar ball. Ikkje enkelt å bryte gjennom det forsvaret.
15'
Arter får sjansen på 18 meter, men skotforsøket blir blokkert.
15'
Framleis heilt open kamp på Emirates så langt.
14'
Fint angrep av Bournemouth! Daniels er med i angrep, og legg inn til King som kjem stormande inn i feltet. Der får Arsenal-forsvaret akkurat rydda opp, og heimefansen slepp med skrekken.
12'
Hjørnespark
Boruc er høgst og best i feltet. Keepermat.
12'
Pugh viser fram heile fintereportoaret sitt, og det er nok til gjere Bellerín småsvimmel. Innlegget held ikkje same kvalitet, og Cech held ballen i fast grep utan særleg motstand.
10'
Bournemouth har lagt igjen respekten i garderoben, og går offansivt til verks. Angrip med mange spelarar når dei har sjansen.
10'
Med seier i dag kan Arsenal overta tabelltoppen, før Leicester møter Manchester City i morgon.
8'
Midtbanespelaren er tilbake på bana.
8'
Arter får seg ein trøkk, og må ut på sidelinja for ein kjapp sjekk. Blir dropp av ballen på midten.
7'
Jamn opning på dette oppgjeret.
7'
Igjen er King i aksjon. Denne gongen dreg han Mertesacker med på springetur inn i feltet, og der er nordmannen raskast. Litt for rask kanskje, for han får ikkje kontroll på kula som trillar over dødlinja.
5'
King med kampens første avslutning! Får ballen på 20 meter, vender og skyt. Han prøver å skru ballen rundt Cech, men ringriven i mål let seg ikkje lure.
4'
Heimelaget spelar seg fint framover, men pasningen frå Oxlade-Chamberlain er uadressert. Innkast for gjestene.
3'
Arsenal trillar ball, og prøver å feste grepet om kampen dei første minuttane.
2'
Hjørnespark
Kort variant, utan å lykkast heilt med den.
2'
King får hjørnespark.
1'
Arsenal stiller i sine vanlige raude og kvite drakter, medan gjestene stiller i sine svarte og blå bortedrakter.
1'
Heimelaget tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Wenger gjer fire endringar på laget etter tapet mot Southampton sist. Paulista, Gibbs, Chambers og Oxlade-Chamberlain er alle inne på laget. Ut går Koscielny, Monreal, Flamini og Campbell. Gjestene har gjort to endringar sidan sist, der King mellom anna er tilbake på laget.
Då er laga klare!
Vi er tilbake med lagoppstillingar når det nærmar seg kampstart. Følg med!
Dette er andre gongen desse laga møter kvarandre. Vi må tilbake til 1987/88-sesongen, då laga møttest i League Cup`s tredje runde. The Gunners vann 3-0 den gongen.
Roger East er dommar i kveldens kamp på Emirates Stadium.
Bournemouth er det laget i Premier League som scorar flest mål det første kvarteret. Samstundes har berre Arsenal eitt av sine 18 baklengsmål i samme periode.
Gjestene står bokført med seks strake utan tap. Sist vart det 0-0 heime mot Crystal Palace. Chelsea og Manchester United er blant laga som har tapt mot Bournemouth den siste månaden.
Heimelaget framleis med store skadeplager, og har Alexis Sanchez, Jack Wilshere, Mikel Arteta, Francis Coquelin, Danny Welbeck, Santi Cazorla og Tomas Rosicky alle ute. Hos gjestene er Tommy Elphick, Tyrone Mings, Max Gradel, Christian Atsu, Callum Wilson og Lee Tomlin ute. I tillegg er vår norske venn Joshua King framleis usikker foran kveldens oppgjer med sin hamstringskade.
Hei, og velkommen til livedekning av oppgjeret Arsenal - Bournemouth!