TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Bayern München vinn fortent 3-1 over Arsenal her på Emirates, og tek med det eit langt steg mot kvartfinalene i Champions League. Det var berre eitt lag på bana før kvilen og Bayern leia 2-0, men dei siste 48 minutta heva Arsenal seg og fekk også ei redusering som tente nytt håp i laget. Det håpet forsvann derimot når Mandzukic ordna 3-1 kvarteret før slutt. Takk for fylgjet og ha ein fin kveld vidare, og hugs at i morga er det nok ein godbit å fylgje med på her: Milan-Barcelona. I tillegg skal også Galatasaray møte Schalke 04, også det eit interessant møte.
Kamp slutt Slutt (1-3)
90+3'
Hjørnespark
Skal det bli endå verre for Arsenal? Corneren blir teke kort, og Müller får til slutt lempa ballen inn i boksa, men heimelaget får rydda unna.
90+3'
Robben prøvar å gjere ting på eigenhand, men blir oppløpt av Arsenal-spelarane.
90+2'
Det blir lagt til minimum tre minutt her.
90+1'
Han skyt på mål, men forsøket blir enkelt heada unna. Returen hamnar hos Sagna, som er nærare å treffe sitt eige heimland, Frankrike, enn å treffe målet.
90'
Cazorla står klar.
90'
Frispark i bra posisjon for Arsenal.
90'
Gult kort
Riv Vermaelen over ende. Fortent gult kort.
90'
Lahm riv ned Vermaelen like utanfor boksa.
89'
Arsenal trillar ball, men maktar ikkje å ta seg gjennom den tyske muren.
88'
Vermaelen slår inn frå venstre, men Neuer har ein grei jobb med å halde ballen.
87'
Giroud vendar opp og avsluttar, men forsøket blir blokkert kjapt.
87'
Frispark til Arsenal midt på Bayern sin halvdel.
86'
Wilshere slår inn, men Bayern beinar lett unna.
86'
Die Bayern har bra kontroll no, og Arsenal verkar å vere sluttkøyrde.
85'
Robben skjer innover og prøvar eit skot, men Arsenal får blokkert.
84'
Nære på at Walcott når tak i ei bakromspasning. Ei scoring til for Arsenal her kan bety enormt når alt skal summerast til slutt.
82'
Stor sjanse for Bayern! Gustavo skyt frå distanse og tvingar fram ein retur frå Szczesny, og den hamnar hos innbytar Gomez. Han går for kraft i staden for presisjon, og bankar ballen høgt over mål. Der burde det ha stått 1-4.
81'
Spillerbytte
80'
Med 1-3-tap her vil det bli ei tilnærma umogleg oppgåve for Arsenal i München.
80'
Wilshere avsluttar frå skrå vinkel, men rett på Neuer.
77'
Mål!
1-3
Bayern München visar seg fram igjen! Robben regisserer det heile og set opp Lahm som slår flatt inn framføre mål. På finurleg vis får Mandzukic hæla ballen i ein bue over Szczesny og i mål.
77'
Frispark til bortelaget midt på bana. Bayern brukar tid ved dødballane no.
75'
Hjørnespark
Blir teke kort før Robben legg ballen inn i boksa igjen. Innbytar Gustavo sender eit skot over mål.
75'
Bayern München har ikkje skapt mykje i denne 2. omgangen, samtidig som Arsenal kjem nærare og nærare utlikning.
73'
Spillerbytte
73'
Stor sjanse for Arsenal! Walcott slår hardt inn foran mål, og Giroud avsluttar hardt på volley, men rett på Neuer.
73'
Rosicky er nære på å få med seg ballen inn i boksa, men misser kontrollen og Bayern overtek.
71'
Spillerbytte
71'
Spillerbytte
70'
Arsenal skal gjere eit dobbeltbyte. Giroud og Rosicky er det som skal inn.
70'
Podolski skjer innover og avsluttar, men forsøket blir beina innover.
69'
Wilshere dreg seg fri og stormar inn i boksa, men er i ubalanse og misser ballen inn til Neuer.
69'
Schweinsteiger går for skot, men ballen dalar for seint og forsøket går over.
68'
Kroos og Schweinsteiger står klare.
68'
Gult kort
Får sjå det gule etter fellinga av Müller.
68'
Müller blir teke bakfrå av Ramsey. Frispark i bra innleggsposisjon.
66'
Gult kort
Er for røff både mot Lahm og Robben og får sjå det gule kortet.
66'
Kroos med ein glimrande sjanse til å spele fri ein totalt umarkert Robben, men førstnemnde blir for ubesluttsam og spelar først ballen når lagkameraten står i offside. Det kunne, og burde ha blitt ein stor sjanse for Bayern.
64'
Spillerbytte
63'
Hjørnespark
Szczesny feilbereknar, men headinga frå Martinez går over.
63'
Kroos skyt via fingrane til Szczesny og til corner.
63'
Ballen går inn i boksa, men heimelaget får renska unna.
62'
Kroos står klar.
62'
Ribery blir felt og Arsenal får frispark i veldig bra posisjon.
61'
Arsenal held fram med å presse Bayern bakover.
60'
Ribery går for skot frå distanse. Langt over.
59'
No har endeleg heimepublikummet vakna også!
58'
Walcott står klar med frisparket. Neuer får boksa unna, men Arsenal beheld kula.
58'
Gult kort
Kjem altfor seint inn i ei takling på Podolski.
57'
Ein liten revansje for Lukas Podolski altså. Om han puttar ei scoring eller to til vil den nok bli langt større også!
55'
Mål!
1-2
Arsenal er tilbake i kampen! Wilshere slår corneren inn i boksa, og ein Neuer på fullstendig bærtur sørgjer for at buret er ope og Podolski har ein enkel jobb med å heade inn reduseringa.
55'
Hjørnespark
55'
Cazorla skyt via ein motspelar og til corner.
53'
Walcott vinn innkast høgt i bana. Det blir teke kjapt.
53'
Av suksessfulle opphentingar av Arsenal den siste tida kan vi jo trekkje fram 2-2-kampen mot Liverpool, der scousarane leia 2-0 med ein halvtime att å spele.
51'
Arsenal med eit initiativ her no, men det stoppar som regel opp ved Bayern sin sekstenmeter.
48'
Ribery slår inn, men Arsenal-forsvaret får rydda unna.
46'
Hjørnespark
Blir heada unna. Bayern beheld kula.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Bayern München leiar 2-0 etter ein omgang der dei har vore klart best. Arsenal har fått til svært lite i begge endar av bana, og det spørs om ikkje Wenger må gjere nokre endringar for å endre kampbiletet. Kanskje kan det vere eit smart trekk å putte innpå duellsterke Olivier Giroud? Vi håpar på ein spanande 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (0-2)
45+2'
Lahm slår inn igjen. Arsenal får klarert.
45+1'
Det blir lagt til minimum to minutt denne omgangen.
45'
Nære på 0-3! Lahm slår eit millimeterpresist innlegg til Mandzukic som headar like utanfor. Nok ein gong svakt forsvarsspel av Arsenal.
45'
Wilshire set fart og ser ut til å bli teke bakfrå like utanfor Bayern sin sekstenmeter. Domar Moen vinkar spelet vidare.
44'
Frispark til Arsenal midt på bana. Det blir teke hurtig.
43'
Heimelaget misser til stadigheit ballen i farlege område, men dei kan nok glede seg noko over at Bayern München ikkje tek så mange av overgangane som dei kunne ha gjort.
42'
Sagna slår farleg inn, men Bayern får rydda unna. Arsenal pressar litt no.
40'
Småpent spel av heimelaget, men i staden for å kome til avslutning endar det i staden med frispark for bortelaget, forårsaka av Sagna.
38'
Bacary Sagna finn Theo Walcott inne i boksa, men ein litt rådvill Walcott brukar for lang tid og skotforsøket hans blir blokkert.
36'
Gult kort
Enorm jubel blant heimefansen når det endeleg er ein Bayern-spelar sin tur til å få sjå det gule kortet av domar Moen. Schweinsteiger misser dermed returoppgjeret!
35'
Det blir slått opp i boksa, og heimelaget vinn den første duellen. Ballen hamnar hos Mertesacker som prøvar eit skot, men det blir blokkert.
34'
Wilshire med frispark.
34'
Med denne kamputviklinga er også Walcott relativt malplassert som spiss, då det som regel er lite bakrom. Arsenal har kome til fleire innlegg, men saknar ein tøff angrepsspelar ala Giroud inne i boksa.
32'
Cazorla slår farleg inn, men Lahm får beina unna i boksa.
31'
Den første halvtimen er unnagjort, og det har så og seie berre vore eitt lag på bana. Bayern München har styrt det meste og også vore svært effektive. Arsenal-spelarane er frustrerte og slit med den offensive samhandlinga og først og fremst det defensive arbeidet.
29'
Arsenal kjem på ein fin overgang, men Cazorla og Walcott er ikkje innstilt på same frekvens og ballen endar opp hos Neuer.
26'
Arsenal trillar ball no, men slit med å kome igjennom eit kompakt bortelag.
26'
Tre gule kort til heimelaget på dei første 24 minutta og to tidlege baklengs er gode prov på at ting langt i frå fungerer for laget til Arsene Wenger.
24'
Gult kort
Arteta flyg inn i Mandzukic bakfrå. Håplaust av spanjolen.
24'
Dette ser veldig stygt ut for Arsenal, som ikkje har hengt med i store delar av dette oppgjeret.
24'
Heimelaget prøvar seg på ei kontring, men Die Roten stoppar dei effektivt.
23'
Gult kort
Kjem altfor seint inn i ein duell. Tydeleg frustrasjon blant Arsenal-spelarane no.
21'
Mål!
0-2
2-0 til Bayern München! For eit lag! Corneren frå Kroos er veldig farleg, og van Buyten tvingar fram ei veldig bra redning frå Szczesny, men på returen er Müller vaken og beinar ballen i mål.
21'
Hjørnespark
21'
Nære på igjen for bortelaget. Ribery vrir spelet fint, men innlegget frå Lahm blir blokkert til nok ein corner.
19'
Hjørnespark
Mertesacker headar unna før ein Bayern-spelar lobbar ballen høgt over mål.
17'
Cazorla er nære på å få drege med seg ballen inn i Bayern-boksa.
16'
Schweinsteiger skyt via ein medspelar og til utspel frå Szczesny.
16'
Dette kan bli farleg.
15'
Gult kort
Feller Martinez.
15'
Frispark i meget bra posisjon for bortelaget. Martinez er det som blir felt.
14'
Arsene Wenger ser betenkt ut der han sit på benken til Arsenal. Eit tidleg bortemål til Bayern München var nok ikkje akkurat det han hadde håpa på.
12'
Arsenal kontrar. Walcott kan setje fart, men blir løpt opp. Gunners beheld kula.
12'
Hjørnespark
Endar opp inne i feltet til slutt, men heimelaget får rydda unna.
12'
Bayern prøvar ein slags frekkisvariant med kortpasningar, men Arsenal kjem raskt ut og får blokkert.
11'
Frispark til bortelaget i fin innleggsposisjon.
10'
Bayern München scorar altså på sin første sjanse i kampen. Men om vi kjenner dei rett vil dei ikkje leggje seg bakpå og ri på resultatet.
7'
Mål!
0-1
Kroos sender Bayern i føringa! Bortelaget rullar opp ein fint angrep, og Müller får stå nokså åleine og sende innlegget. Ballen hamnar hos ein upressa Kroos som skyt via bakken og forbi Szczesny.
7'
Lahm kjem fram frå backposisjonen sin og legg inn i boksa, men Szcz?sny er fint ute og fangar.
6'
Hjørnespark
Forbi alle, men Neuer får frispark. Det såg billeg ut.
6'
Arsenal kontrar, og ei farleg pasning i boksa endar med corner.
5'
Hjørnespark
Blir heada unna. Bayern beheld kula.
5'
Arsenal har gått ut i høgt tempo i starten, men som kjent er også tyskerane nokså fotrappe.
4'
Cazorla kjemseg fri på høgrekanten og får lagt inn, men forsøket går via ein Bayern-spelar og inn til keeper Neuer.
3'
Hos Bayern Munchen må ein sjå opp for spissen Mario Mandzukic, som har scora 15 mål på 19 kampar i Bundesliga, men uten scoringar i Champions League. Førre sesong var det Mario Gomez som var ein av dei største profilane i denne turneringa, men endringar har altså skjedd.
1'
Då er vi i gong!
Avspark Start 1. omgang
No står begge laga klare. Temperaturen i London ligg på ca 1 grad, og det er ein flau vind.
Dagens domar bør også vere kjent for alle oss fotballgale nordmenn, for mannen med fløyta er i dag ingen ringare enn Svein Oddvar Moen. Han kjem frå Haugesund og representerer SK Haugar. Moen blir assistert av Kim Thomas Haglund, Frank Andås og Sven Erik Midthjell.
Det blir eit spesielt møte for Arsenal sin Lukas Podolski i dag, som har spelt for Bayern München tidlegare. Mellom 2006 og 2009 enda han opp med 71 kampar og 15 mål, og det er nok ingen tvil om at han aldri slo skikkeleg igjennom der.
Arsenal og Bayern München har møttest fire gongar tidlegare i nyare tid, alle i Champions League. Bayern leiar statistikken med 2-1-1, men utan å vinne i London. Mot tysk motstand på heimebane har det blitt 9-1-2 på tolv kampar, medan tyskarane berre har vunne to av 16 kampar i England.
Die Roten må klare seg utan Jerome Boateng som er suspendert, samt Holger Badstuber og Claudio Pizarro.
Arsene Wenger har ikkje altfor mange skadeproblem, og kan mønstre eit tilnærma toppa lag. Kieran Gibbs er ute med skade, medan tidlegare Malaga-spelar Nacho Monreal er utilgjengeleg for spel.
Bayern München leiar på si side Bundesliga suverent, heile 15 poeng framføre Borussia Dortmund på 2. plass. Utrulege 57-7 er også målskilnaden deira etter 22 runder. På dei seks seinaste kampane i alle turneringar har laget til Jupp Heynckes 5-1-0.
Arsenal har mykje å bevise for tida, og med ein flau exit mot Blackburn Rovers på heimebane i FA Cupen i helga er det berre Champions League som er den einaste sjansen laget har på å bli meistrar. Alt kan sjølvsagt skje i denne turneringa, men allereie det første hindret, mot eit lag som kom heilt til finala i fjor, og hadde fortent å vinne den, blir ei formidabel oppgåve for Arsene Wenger sitt mannskap. På dei seks siste kampane har Gunners 4-1-1, men det mot ganske overkomeleg motstand.
Bayern München måtte ut mot Valencia, BATE Borisov og Lille, og til slutt vann dei gruppa på innbyrdes oppgjer mot Valencia, som også hadde sanka like mange poeng. 4-1-1 blei tyskarane sine tal.
Heimelaget Arsenal blei altså nummer to i si gruppe, då ein annan tysk motstandar til slutt blei for sterke og vann gruppa. Olympiakos og Montpellier var også å finne i Gruppe B, og Arsenal sin fasit etter dei seks kampane blei 3-1-2. Eit interessant moment er at dei tapte mot Schalke i London.
Hei og velkomen til livedekning av Champions League-oppgjeret mellom Arsenal og Bayern München. Det er klart for det første av to meget spanande åttendelsfinaler!