TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter

Oppsummering

Kampen endar til slutt 5-1 til Årdal. Årdal vinn kampen fortjent etter å ha skapt mange sjansar og godt spel. Kunne ha vunne denna kampen med høgare siffer hadde dei vore meir effektive.
Kamp slutt Slutt (5-1)
90+5'
Kevin Lægreid kåra til kampens bestemann.
90+1'
Spillerbytte
89'
Mål!
5-1
Hovland teiknar seg på scoringslista. Mittet chippar han gjennom, og Årdal sin toppscorar avsluttar kontant. Hovland sin 19. for sesongen.
86'
Gult kort
82'
Spillerbytte
82'
Mål!
4-1
Årdal får frispark. Mittet slår inn til Sæle som Headar til Hunderi. Unggutten headar ballen over keeper og i mål. Fin avslutning, og flott augneblink for spelaren som scorar sitt første mål for Årdal i Kretsligaen.
81'
Spillerbytte
80'
Vik er farlege frampå igjen. Årdal ryddar opp, men skal vere forsiktige med å sleppa Vik meir inn i kampen.
73'
Mål!
3-1
Niyomwungere, som klart har vore Vik sin farlegaste spelar, set ballen i stolpen når Vik er framme på ein visitt. På returen får Stadheim ein enkel jobb med å setta ballen ope mål frå ein meter.
71'
Øren spelar ballen ut i feltet frå dørlinja. Der står Hovland, som skyt over mål.
70'
Hovland viser eleganse når han spelar fri Grenager. Han set ballen i stolpen. For ei scoring det hadde vore.
66'
Spillerbytte
64'
Gult kort
Hovland spelar langt til Niyomwungere. Han meiner at spissen blir tatt og skrik etter frispark til dommaren 60 meter frå situasjonen. Dommaren belønnar keeperen med gult kort.
60'
Mål!
3-0
Frispark til Årdal. Mittet svingar inn til Hovland som headar ballen tilbake i feltet. Der står Lereng som headar kontant i mål.
58'
Flott innlegg frå Lægreid. Han treff Grenager på pannebrasken. Headingen går rett over.
57'
Ny stor sjanse til Årdal. Hovland headar rett på keeper frå 4 meter.
53'
Mål!
2-0
Årdal med eit angrep på 30 trekk i den siste tredjedelen av bana. Ballen endar til slutt hjå Lereng på hjørna av 16-meteren. Han ladar kanona og klinkar til. Fin scoring.
47'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Furebotn si scoring vart den einaste i førsteomgang. Årdal har skapt mykje, og har tidvis synt gode takter i spelet, men dei skulle nok ha ønskt at fleire av sjansane hadde blitt omsatt i mål.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Hjørnespark
Omgangen avsluttast med eit par hjørnespark for bortelaget.
41'
Årdal treng å omsetja sjansane sine til mål. Dei skapar mykje, og ballen er stort sett på Vik sin banehalvdel.
39'
Grenager hoppar over ballen som går til Hovland. Rett på keeper.
38'
Nytt skot frå Lægreid, som Hovland reddar. Spelar med høg sjølvtillit i dag, Lægreid.
35'
Lægreid med ny avslutning. Ballen går like utanfor frå skrått hold.
33'
Årdal har hatt mykje ball og fleire halvsjansar dei siste 10, men er ikkje like giftige som dei var dei første 20.
26'
Funfact: Det er 30 år mellom heimelaget sin keeper Tomas Hellebø og bortelaget sin keeper Stig Roar Hovland. Hovland (45) er tre gonger så gammal som Hellebø (15).
23'
Hjørnespark
22'
Nydeleg skot frå Kevin Legreid frå 25 meter. Prøver å curla den inn. Keeper er med på notene.
20'
Vik farleg frampå. Niyomwungere driblar seg inn i feltet, men Sæle ryddar opp før dei får avslutta.
18'
Ny stor sjanse til Grenager. Lereng, som har starta friskt frå kanten, med nytt innlegg. Hovland reddar forsøket til Grenager.
17'
Grenager nær. Skyt rett utanfor. Lægreid selar til Truls som igjen spelar til Grenager.
15'
Fine takter hjå Årdal etter scoringa. I neste angrep set Hovland ballen i stolpen og Lægreid ballen i tverren.
10'
Mål!
1-0
Nydeleg angrep der Lereng etterkvart får ballen nede langs linja, han legg flott inn mot Hovland. Ballen havnar etterkvart hjå Lægreid som serverer Furebotn som breidsider ballen i mål. Flott lagspel og fin avslutning.
5'
Årdal kjem seg til ein sjanse. Hovland skyt med innsida frå 14 meter, men keeper og namnebror Hovland reddar greit.
2'
Hjørnespark
Tidleg corner for Årdal. Ufarleg.
Avspark Start 1. omgang
Oskar Grenager får sin debut frå start for Årdal. 17-åringen har imponert på innhoppa han har fått og for andrelaget og får tillit frå start i kveld.
Returoppgjeret i Vik i vår enda 1-5 til Årdal.
Vik starta haustsesongen med tap (3-0) borte mot Bremanger. Dei ligg for augneblinken på ein 9. plass.
Årdal starta haustsesongen med 7-1 siger mot Studentspretten og kjempar i tetstriden saman med Fjøra og Eid. Før denne serierunden ligg dei på 2. plass a-poeng med Fjøra på første.
Velkommen til fredagskamp i Kretsligaen der Årdal tek i mot Vik på grasbana på Jotun stadion. Spelarane er ute å varma opp på ei matta som ser meget fin ut trass nedbørsmengdene dei siste vekene. 20 grader og lett skydekke i Årdal denne ettermiddagen.