TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Skribent Sander Øvstetun takkar for seg. Håpar dusjane i garderoben blir skrudd av idag ;)
Det er over, 13 - 0. Ikkje veldig spennande. Kjekt med masse fine mål. Då er det sommar, 31 poeng, tabelltopp og 55-12 i målforskjell. Kan begynna å snusa på 3.div da. KJØH
Kamp slutt Slutt (13-0)
90'
Har teke på denne eksamenslesinga, kan det sjå ut til.
89'
Spillerbytte
89'
Mittet skal få ekstra rømmedressing på pizzaen idag, flink kar.
85'
Mål!
13-0
Mittet frå distanse, mål nr 4. Er nok over her no..
83'
Mål!
12-0
Hovland spelar innbytar Trollebø gjennom, sett den fint i hjørna.
82'
Spillerbytte
81'
Er jo heilt sheriffen av Nottingham her ute, Mittet.
80'
Mål!
11-0
11 - 0, hardt og utagbart. Mittet igjen. PS: Han er Spearing i duoen, Roden skal få Shelvey.
79'
Spillerbytte
79'
Første skudd for dagen frå Spretten. Nesten ei perla frå 30.
77'
Mål!
10-0
Hovland chippar inn i feltet. Tobias headar midt på, men sett retur med panna. 10 - 0, resultattavla går ikkje lenger. Så no står det 0-0. Spennande siste 15
76'
Mål!
9-0
Broder Kevin legg inn frå høgre, 45 til Mittet som sett den. Kosar seg på kvar si sida no, Marcus og Martinius.
75'
Lægreid med signatur finta si på venstresida, ein touch inn, pasningsfinta tilbake. Backen er på veg å henta ei pølsa i brød (med ketchup og sennep tur retur), medan Julian sler 45 til Lereng. Midt på mål.
74'
Sæle får prøva seg, kan henta ballen på Europris etter kampslutt.
73'
Frispark 32,7 meter. Mittet står klar.
72'
Spillerbytte
72'
Laget skal ha avslutning på Babben etter kampen. Første mann til 4 mål får ekstra rømmedressing. Blir nok Hovland etter den lovnaden.
71'
Hjørnespark
Hovland headar utanfor frå 3 meter..
71'
Lereng blir spelt gjennom av Joa, kan spela Hovland 45 - men prøver ein avslutning, går til corner.
70'
Julian med eit godt forsøk frå 16. Like utanfor.
68'
Mål!
8-0
Rode køyrer ein liten Ronaldo chop i feltet før han trillar til Mittet. Sett den enkelt i mål. Ikonisk duo dette her. Shelvey og Spearing, er så vakkert.
68'
Mittet med ein enorm pasning frå djupet. Lereng på veg til å gjenskapa v.Persie sitt mål mot Spania, men headar ballen tilbake der den kom frå, diverre.
66'
Kjempe innlegg frå Truls mot Lereng, blir avverga i siste liten.
61'
14 minutt utan mål. Meget kritikkverdig frå rødtrøyene.
61'
Har du sett. Julian fintar 3 mann i ein telefonboks, chippar inn til Joa som headar over frå 2 meter. Blir ikkje kvelds på han idag.
60'
Ein aaaalt for sein takling på Mittet i feltet. Ingen straffe. 5/5 i bua melder straffe.
58'
Spillerbytte
57'
Spillerbytte
55'
Gult kort
For sein på Joakim. Skjønnar den, ikkje mange så held følge der. Mip mip
53'
Hjørnespark
53'
Spretten med ein sjeldan visitt. I bakrom, løpsduell mot Bukve. God kveld.
52'
Hjørnespark
51'
'Rodeeee' høyrer me i det ballen kjem høgt i lufta midt på bana. Nesten på nivå med 'Johnny gååååår'. Dei som veit, dei veit.
49'
Gult kort
49'
Joakim skaffar frispark. Perfekt innleggsposisjon for Rode.
47'
Mittet prøver seg frå 20. Lika utanfor. Synd det ikkje var eit frispark.
46'
Ingen byter, ser det ut til.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Pause, 7-0. Ildt i fingrane no. Går unna.
Slutt 1. omgang Pause (7-0)
45'
Mål!
7-0
7-0. Mittet spelar ballen til Hovland innafor 16. Sett ballen hardt i nærmaste. Kan nesten få lov å setta inn ein ekstra spelar no, Spretten.
44'
Elias Mittet. Det er bot. Aleina med keeper, skyt over frå 10 meter. Forsøk på chip.
43'
Hjørnespark
41'
Mål!
6-0
Rode fossar ned langs venstre, legg inn til Lereng som stussar bak til tigeren fra Hæreid. Sett ballen kontant i kassa.
38'
Mål!
5-0
For eit spel! Mittet leverar ein chip med fløyte og sukker på, Julian legg inn 45 på første touch, før Lereng sett panna på ballen. 5-0. Lereng med sin 10ende for sesongen.
38'
Tonheim med ein kjempesjanse, får avfyrt eit skudd frå 15. Lika utanfor. Nok ein gong Julian som sett opp.
37'
Bukve har begynt å trakka ned grastorver bakerst på bana.
33'
12 scoringar for Truls denne sesongen. Skal holda hardt å nå 40 - som han sjølv forventar. Ha slete litt med aua denne sesongen.
31'
Hjørnespark
29'
Mål!
4-0
6 Årdalspelarar står i kø for å setta inn 4-0 etter corneren. Julian får av eit skudd, som keeper får avverga rett til Hovland. Er vel den siste på bana du vil gi ballen til 2 meter i frå mål. 4-0.
28'
Hjørnespark
28'
Peisar på her, heimelaget. Mange trava som er glad i å scora mål. Målforskjellen skal nok pyntast ytterligare på ikveld.
23'
Selvmål!
3-0
Sjølvmål! Truls spelar Aleks fint gjennom langs høgre - sler hardt inn, rett i ein Spretten fot og inn.
20'
Godt innlegg fra Aleks. Truls og Joakim står i vegen frå kvarandre, ingen av dei får avslutta. Farlig den
18'
Ryktene seier at Bukve er sur som ikkje får spela back, han føler at han får springa alt for lite som stoppar.
16'
Hjørnespark
16'
Mykje ball på Mittet og Rode sentralt. Finn ikkje betre midtbaneduo i divisjonen enn det. Fløyte x Fløyte.
15'
Aleksander Nundal debuterar frå start i Kretsligaen. Spelar back bak søskensbarn Joakim. Seigt å spela på venstresida på motsatt halvdel da.
13'
Hjørnespark
12'
Hjørnespark
10'
Mål!
2-0
2-0! Truls legg ned ballen med kyllingbrystet sitt, Lereng midt på mål - men det er hardt. Keeper sler ballen vidare inn i eige mål. Kan bli ein laaaang kveld for studentane.
7'
Mål!
1-0
Julian skyt frå venstresida i 16-meteren, keeper får ikkje ballen langt nok vekk, og Lereng sett ballen i ope mål. Kan fort havna i kategorien som ein liten keepertabbe.
6'
Hovland chippar Lægreid gjennom på kanten, farleg innlegg.
5'
Ligg i ein 4-2-3-1 formasjon her ÅFK. Spretten køyre så langt ein 9-1. Hovland bak Lereng
4'
Årdal med mykje ball her, ikkje uventa det. Oddsen er nok ikkje høg på heimesiger idag.
2'
Lereng blir teken i feltet, skrik etter straffe - men Skjerven ber han ha seg opp igjen.
2'
Strålande sol og grøn matta. Nydelige forhold.
Ser ut til at det er eit litt redusert Studentspretten lag idag. Er nok ein del ferie ute å går her. Årdal FK stiller tilnærma full tropp, manglar veteranen Brede Ylvis i midtforsvaret idag. Han er på treningsleir. Bukve flytta inn igjen frå høgrebacken.
Avspark Start 1. omgang
Kampstart 18:30
Hei og velkommen til denne live-dekninga av vårsesongens siste kamp på Jotun Stadion. Dagens oppgjer er mellom tabell leiar Årdal FK og Studenspretten. Kampen er utsatt i rundt 15-30 min grunna ei ulukka mellom Sogndal og Kaupanger.