Referat
Kun høydepunkter
Årets første tap for ÅFK er eit faktum. Sogndal avgjer langt inne i overtida. Etter spelets gang hadde det vore greitt med uavgjort. Skal forsatt mykje til om ÅFK ikkje klarar dette, men denne var nok seig å svelga. Takk for følget, forsatt god helg :)
Kamp slutt Slutt (2-3)
90+4'
Har hatt mykje sjansar begge lag i dag, seig denne for årdølene.
87'
Rode med eit godt forsøk frå 20, keeper grei kontroll
78'
Kupen med eit godt skudd frå 16, Dyngeland held den
78'
Kilen brukar tjuvtriks på Nundal, får seg nokon saftige gloser Jarle Andersen på sida. Ingen frispark.
76'
Bukve heng så ein klegg på Ørjasæter. Sistnevnte er ikkje mykje blid no. Seigt å ha jostedølen på slep, trakkar og riv.
73'
Rundt 500 tilskuarar her i dag, stas
68'
Kupen blir spelt gjennom, Sælen helde på å ta han - da hadde det blitt raudt. Sæle slepp tidsnok, og Kupen er heilt aleina med keeper. Skyt 3 meter over.
67'
Skjedd lite no siste tida, heilt til Kupen sett ballen i tverra og ut. Ikkje heilt heldig i dag
61'
På føtn att no, fyrtårnet fra Balestrand.
61'
Sogndal har 7 mann i oppvarming.
60'
Sælen med dagens takling. Clean og hard på Kupen. Blir faktisk liggande sjølv.
59'
Kupen med ei heading midt på keeper,
55'
Duesund fyrer av ei godt skudd fra hjørna av 16, også denne like utanfor.
54'
Kupen med ein stor sjanse. Vender vekk både Brede og Tom Rune før han sett den rett utanfor. Går fort når han først er rettvendt
53'
Masse duellar på midten her no.
51'
Unge Mathias Øren viser styrke mot Hovland, kjem seg inn framfor Hovland og skubbar han vekk. Ingen straffe. Deretter dundrar Lereng Øren i bakken. Får frispark.
49'
Ny stor sjanse for heimelaget! Truls sett opp Julian ved 16, breisidar ballen like utanfor..
48'
Litt temp her no. Høyre med det. Sæle skubbar vekk ein litt sur Ørjasæter. Sistnevnte laga frispark
47'
Kjempesjanse for Sogndal med eingong. Ørjasæter bryt høgt og klakkar ballen inn i feltet. Klabb og babb før den går til kast. Nokon cm fra at Duesund fekk tåi på ballen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Legg om til 4-4-2 ser ut som, ÅFK
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45+1'
Lite som skjedde siste 5. Rettferdig med uavgjort her.
40'
Rett i muren, så over. Bedre på corner enn frispark, ser det ut til
39'
Ser ut som Kilen
39'
Ørjasæter med eit godt driv her, blir teken rett utanfor 16. 5 mann stiller seg opp for skudd.
36'
Ørjasæter fintar 5 mann innafor feltet og chippar ein lagkamerat gjennom, etter mykje klabb og babb får Søle avverga. Farlig den.
34'
Haaaaaaar du sett!!! For ein enorm redning av Johnsen. Nundal fossar ned langs høgre, slår inn til Truls som hoppar over, Julian dundrar ballen mot lengste kryss, der heng Johnsen i lufti. Sjukaste
32'
Enda ein! Truls kjem 1 mot 1, dreg seg til venstre - men skyt like utanfor.
31'
Ny stor sjanse! Mittet legg inn på bakerste, ballen sklir av pæra på Hovland. Mykje bra frå heimelaget no.
28'
Oi oi oi. Kjempespel av ÅFK. Truls stussar på første touch og stikker. Furebotn slår i bakrom, Truls sender ein sogndøl i pølsebui, men keeper reddar fint.
25'
Har komme litt meir inn i kampen no heimelaget, fekk seg eit lite sjokk i starten.
24'
ÅFK slit med spel i etablert, står høgt og pressar godt Sogndal. Forsøker å slå langt mot trioen på topp, blir halvfarleg ved eit par høve. Truls er mykje nede å hentar.
21'
Stor sjanse for ÅFK! Tobias spelar vegg med Truls ved 16meteren, Tobias skyt diverre 4 meter over mål.
15'
Ligg i 4-5-1 utan ball her ÅFK. Truls ligg å luskar på topp
14'
Har ikkje vore høgare tempo på Jotun Stadion enn dette på lenge. Jøye meg ko unggutane spurtar i press. Rekke ikkje å tenka seg om her, Årdalsspelarane
14'
Truls med ein lekker chip i bakrom mot Nundal, keeper er tidlig på alerten.
11'
Nok ein kjempesjanse for Sogndal. Ørjasæter spelar Kupen gjennom, like utanfor!
10'
Ørjasæter som setter tempo utpå her, går unna med han - mip mip
10'
2 gode cornerar av Kilen, farlig på fremste stolpe.
9'
Stor Sogndal sjanse! Ørjasæter kjem ned langs høgre, og får avslutta i lengste. God redning av Dyngeland!
8'
Furebotn får avslutta frå 16 etter ein ÅFK kontring. Midt på
5'
Kupen med dagens første skudd på mål, ufarleg
4'
Står voldsomt høgt her Sogndal
2'
Begge lag ut i kvar sin 4-3-3
Avspark Start 1. omgang
Velkommen til dagens live-oppdatering av Årdal FK - SIL 2. Toppoppgjer i Kretsligaen. Sogndølene skal ut i kamp mot eit ubeseira heimelag. To gode lag på papiret, dette kan bli ein skikkelig thriller. Med siger vil ÅFK ha eit gigasteg inne i 3.divisjon, det vil nok dei unge sogndølene forsøka å setta ein stoppar for. Dagens skribent er Sander Øvstetun