TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Årdal vinner til slutt 3-1 over Sandane. Dei skulle nok ha ønska seg fleire mål og høgare tempo i spelet, men det viktigaste er å ta 3 poeng.
Kamp slutt Slutt (3-1)
90+3'
Stor sjanse til Hovland, men keeper reddar igjen.
89'
Spillerbytte
87'
Hjørnespark
87'
Juryen har kåra Elias Mittet til dagens ÅFK-spelar.
86'
Hovland skyt 1 meter utanfor frå 18 meter.
79'
Mittet slår mot Sæle. Ufarleg.
77'
Gult kort
Bolseth går veldig hardt inn i Sæle. Gult kort og frispark til Årdal frå 30 meter.
73'
Spillerbytte
73'
Blir ikkje mange klipp frå denne omgangen på årskavalkaden etter sesongen.
69'
Spillerbytte
64'
Frisparket går 3 meter over mål.
64'
Sandane med farleg sjanse. Bjotveit i god posisjon, Furebotn avvergar før Sandane får skutt frå langt hold. Ballen går utanfor, men Skjerven dømmer frispark til Sandane frå 18 meter.
60'
Furebotn headar 1 meter utanfor mål.
58'
Hovland avsluttar midt på mål.
57'
Spillerbytte
53'
Dagens tilskodartal: 268
52'
Kampbiletet er det same som i første omgang. Årdal kjem seg til sjansar, men er ikkje giftige nok i avslutningane sine.
51'
Sørli dreg seg inn i feltet og avsluttar rett på keeper.
49'
Mittet skyt over frå samme posisjon han scora frå i første omgang.
47'
Spillerbytte
47'
Spillerbytte
47'
Årdal startar friskt, Nundal skyt over frå 18 meter.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Årdal leiar fortent 3-1 til pause. Sandane har vore frampå ved nokre høver. Dei fortenar målet sitt og kunne hatt eit til. Når det er sagt kunne Årdal fort hatt fleire mål sjølve.
Slutt 1. omgang Pause (3-1)
45+2'
Hjørnespark
Sandane får ein sjanse, som keeper reddar til til corner. Endar i eit frispark som til slutt ebbar ut i sanden. Yppar seg litt på slutten av omgangen, Sandane.
41'
Hjørnespark
41'
Hjørnespark
38'
Furset skyt frå 18 meter. God redning av keeper.
37'
Årdal kombinerar flott igjen, men Furset si avslutning frå 8 meter går rett på keeper.
35'
Hjørnespark
35'
Nundal dreg seg inn i feltet frå sin backposisjon. Dreg av ein mann og spelar ballen inn til 3 Årdalspelarar som står i kø. Ein Sandane-forsvarar får ei tå på ballen som går til corner.
32'
God sjanse for Sandane. Bjotveit set ballen utanfor frå 19 meter.
30'
Gult kort
Hukset får gult for å frata Hovland ein scoringssjanse under straffesituasjonen. Sandane har 2 spelarar på streken som gjer at det blir gult i staden for raudt.
29'
Mål!
3-1
Hovland er sikker på straffe, og sett den kontant til høgre.
27'
Straffe!
Hovland blir spelt flott gjennom av Mittet. Brukar litt tid på å avslutta aleina med keeper. Blir felt av Hukset, og Skjerven dømmer straffe. Hovland står klar.
22'
Mål!
2-1
Kanonscoring frå Mittet som dundrar til frå 26 meter. Ballen går i tverren og inn bak ein sjanselaus keeper.
22'
Nok ein gang kombinerar Furset og Hovland. Men Hovland set ballen over mål frå 8 meter.
17'
Mål!
1-1
Sandane utliknar etter ein dobbeltsjanse frå Hallvard Bjotveit. Hellebø reddar den første, men på forsøk nummer to set Bjotveit ballen i mål.
16'
Flott spel av Årdal. Hovland blir spelt fri av Furset, og set ballen i stolpen frå skrått hold.
13'
Hjørnespark
Nok ein godt slått corner som keeper får ei hand på.
12'
Hjørnespark
Godt slått, men keeper får ei hand på ballen. Ny corner.
12'
Stor sjanse til Årdal. Hovland snappar opp eit dårleg tilbakespel. Blir forstyrra litt og er litt ubesluttsom i avslutningsaugneblinken. Uribe readar til corner.
10'
Sandane får ballen i nota. Fjellestad headar inn etter frispark frå kanten. Diverre for Sandane var Fjellestad offside når ballen vart slått.
4'
Mål!
1-0
Furset dreg seg innover frå kanten, spelar vegg med Hovland og avsluttar elegant aleine med keeper.
3'
Tommy Skjerven, med over 400 kampar som dommar på toppnivå, er dagens dommar.
Avspark Start 1. omgang
Når det er sagt kjem Sandane til å selja seg dyrt, og Årdal må vere påskrudd for å bryta ned eit Sandane-lag som har sluppe inn 15 mål denne sesongen. Kun 4 lag har sluppe inn færre. Sandane kjem frå siger sist mot Jølster, og har også slått Stryn med imponerande 4-1 tidlegare i sesongen. Dei sterke resultata til Sandane har dog alle komne på heimebana.
Velkommen til 8. runde av Kretsligaen og kamp mellom Årdal og Sandane. Årdal har sleika sår siste veka etter at dei rota vekk 2 poeng på overtid mot Bremanger. I runden før redda dei eit poeng på overtid mot Fjøra. Det blir bra TV av sånt, men Bransdal og Hunderi håpar nok at dagens kamp blir meir komfortabel.