Referat
Kun høydepunkter
Årdal vinn oppskriftsmessig 6-1. Dei har hatt god kontroll på kampen, sjølv om andreomgangen ikkje baud på fyrverkeri. Med det går Årdal inn i siste serierunde med 3 poeng og 2 mål ned til Sogndal. Takk for følget.
Kamp slutt Slutt (6-1)
90'
Hat-trick-Hovland kåra til banas bestemann.
88'
Mål!
6-1
Redusering for Måløy. Kupen Skårbø bli spelt fri og avsluttar sikkert.
88'
Måløy på ein sjeldan visitt. A. H. Nundal avvergar. I andre enden kjem J. Nundal til. Keeper reddar.
84'
Frispark i stolpen frå Mittet. Årdal sin fjerde i metallet.
80'
Frispark frå 45 meter. Thomassen Øren prøver seg på eit skot. Ballen enda i elva. Banemanskapet er no på desperat jakt etter kampballen.
77'
Gult kort
72'
Furebotn med godt forsøk. Like utanfor frå 16 meter.
67'
Skot utanfor mål frå J. Nundal.
66'
Trippelsjanse for heimelaget. Furebotn og Lægreid med kvar sin sjanse frå 3 meter før Mittet avsluttar frå langt hold. Måløy-keeper Kvernevik med gode redningar. Har spelt godt i dag, Kvernevik.
58'
J. Nundal får ordenteleg klem på ballen. Den har fin retning mot krysset, men Måløy-keeper Kvernevik reddar godt.
54'
J. Nundal med eit godt forsøk frå langt hold. Ballen går ein meter over mål.
51'
Furebotn spelar til Hovland som får avslutta. Ballen går via ein forsvarspelar og ut til corner. Ingen uttelling på corneren.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det er scora 612 mål i kretsligaen i til no denne sesongen. Årdal står for 102 av dei.
Årdal med full kontroll på oppgjeret. Me går til pause på 5-0.
Slutt 1. omgang Pause (5-0)
45'
Ny avslutning frå Hovland. Går over frå 9 meter.
44'
Ny sjanse til Årdal. Hovland blir forstyrra av ein forsvarspelar, men ballen er ikkje trygg. Hovland og Lereng er klar til å pirka ballen inn, men keeper får kontroll.
41'
J. Nundal med flott raid. Furebotn sin avslutning blir blokkert.
38'
Wow. Mittet i stolpen. J. Nundal avsluttar, keeper reddar godt. Neste retur går i stolpen og siste retur går i tverren. 2 redningar og tre stolpetreff i samme situasjon.
35'
Gult kort
Får gult for hands. Frispark til Årdal. Mittet står klar frå 18 meter.
32'
Måløy framme på ein visitt. K. Lægreid ryddar opp. Måløy får deretter frispark. Skyter frå 35 meter. Dyngeland reddar enkelt.
31'
Frispark til Årdal i farleg posisjon. Mittet prøver seg, men keeper reddar.
30'
Gult kort
Refvik fekk gult i straffesituasjonen.
27'
Hovland får snudd seg og får tid til å lada slegga frå 20 meter. Går over mål.
21'
Årdal med full kontroll på oppgjert. Årdal med dobbelsjanse. J. Nundal avsluttar, men keeper reddar. Hovland set returen over mål med hovudet.
14'
Stor sjanse til Måløy. Ein angripar blir spelt gjennom, men Dyngeland reddar brilliant.
12'
Måløy-keeper fomlar i duell med ein Årdal-spelar. Mittet får ein stor moglegheit, men set ballen utanfor frå 10 meter.
6'
Litt rotete opning av kampen. Årdal har ballen mest, men har ikkje fått festa grepet enda.
3'
Kaptein Eirik Rode spelar sin siste heimekamp for klubben før han legg skoa på hylla. Han vart takka av med æresmarsj og blomst før kampen. Rode har vore ein fantastisk representant for klubben og spelar i dag sin kamp nummer 130.
Avspark Start 1. omgang
Kampen er ytterlegare utsatt til 15.30. Men vegen er opna. Spelarar og dommarar er på plass og har teke til med oppvarminga, så 15.30 er endeleg kamptidspunkt.
Sivert Endestad Orheim frå Florø SK er dagens dommar. Assistentdommarane er Jarle Andersen(Syril IL) og Even Heggestad(Sogndal IL).
Julian Lægreid fekk forøvrig sin landslagsdebut når G15-landslaget slo Sverige 3-0. Ny landslagskamp i morgon mot same motstandar.
Årdal gjer 3 endringar på laget sidan bataljen mot Fjøra(2-2) sist. Tom-Rune Sæle(suspensjon), Vegard Aafedt Bukve(skade) og Julian Lægreid(landslagsoppdrag) går ut. Inn kjem Kevin Lægreid, Eirik Thomassen Øren og Tobias Luggenes Furebotn.
Måløy ligg på 8. plass, men det skil berre 2 poeng frå 7. plass til 11. plass, så Måløy treng poeng for å sikra plassen i kretsligaen.
For Årdal er ståa som følgje: Dei har 3 poeng og 5 mål å gå på til Sogndal 2. Med minimum 4 poeng på dei siste 2 kampane vil dei vere sikra seriemesterskap og opprykk. Dei kan sikre seg allereie i dag ved siger og poengtap for Sogndal 2. Men mest truleg vil dette gå heilt til siste serierunde.
Grunna trafikkulukke mellom Årdalstangen og Øvre Årdal er kampstart utsatt med 15 minutt.
Hei og velkommen til den nest siste runden i kretsligaen og oppgjeret mellom Årdal og Måløy.