TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Da vart det ein etterlengta siger til heimelaget. Sesongbeste av ÅFK i 1. omgang, men i 2. omgang så tok Lysekloster meir og meir over, men heimelaget holdt unna.
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+4'
Gult kort
90+3'
Gult kort
88'
Spillerbytte
88'
Stor sjanse til bortelaget. Får stå upressa på kanten og slå inn. Der kjem Sperrevik på eit løp og får satt hovudet på ballen men klarar berre å styre headinga utanfor.
85'
Spillerbytte
85'
Spillerbytte
83'
Bortelaget pressar på og kjem stadig til halvsjansar. Kan bli lange siste 10 minutt for heimelaget om dei ikkje klarar å halde meir på ballen.
80'
Så scorar Lysekloster. Linjemann er kjapt oppe med flagget for offside, men tek ned igjen før Christian Dahl bankar ballen i mål. Dommar har ein lengre snakk med linjedommar og endar opp med å dømme offside.
75'
Spillerbytte
72'
Spillerbytte
69'
Lysekloster pressar på for ei utlikning no og kjem til enkelte halvsjansar.
68'
Spillerbytte
64'
Spillerbytte
64'
Truls Hovland er akkurat komme innpå og det første som skjer er at han kjem aleina med keeper. Har all tid i verda men klarar ikkje å plassera ballen forbi keeper.
62'
Spillerbytte
61'
Joacim Furset blir spelt igjennom og klarar nesten å runda keeper men Melnicenko går sigrande utav den duellen.
51'
Kjempesjansar til bortelaget. Simen Næss blir spelt igjennom og heimelaget ropar på offside. Spelet går vidare og Tim Nilsen får stå heilt aleina med keeper når han får ballen. Men Dyngeland reddar med ei fantastisk beinparade. Der står heimelaget og ser på.
48'
Lysekloster har teke tak i kampen no i starten av 2. omgang.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Stor sjanse for heimelaget. Frispark fra bak i bana som blir slått inn bak forsvaret. Der kjem to ÅFK spelarar og det er Bergset som headar like over mål.
39'
Gult kort
For seint inn i ein duell.
36'
Mål!
1-0
Så sitter den for heimelaget. Terje Kvam Øvstetun kjem fint på kant og slår inn til Bergset som vender opp og plasserar ballen kontrollert i lengste hjørna.
33'
Frispark fra høgre som Terje Øvstetun slår inn. Går så vidt over hovudet til Anders Lereng.
27'
Heimelaget spelar seg fint fram på kant. Terje Kvam Øvstetun slår inn og Jacob Bergset prøver og stussa vidare. Ballen dett fint ned til Joacim Nundal som prøver seg på volley. Får eit dårleg treff men ballen går i ein boge mot lengste hjørna men keeper når opp og får fanga ballen.
23'
Så er Tim Nilsen nesten igjennom. Dyngeland sklir i det han skal ut og klarera, men kjem seg på beina og kjem så vidt først på ballen likavell.
22'
Ikkje mykje å rapportera om dei siste minuttane. Mykje spel på midten for øyeblikket.
14'
Bortelaget farleg frampå med Simen Næss. Ei skuddfinte og eit par spelarar er vekk og avsluttar i nærmaste, men Dyngeland er med på notene.
12'
Joacim Nundal på farten igjen. Kjem i bakrom og prøver og slå inn til Lereng men Lysekloster er tilbake med nok folk til å få avklart.
9'
Ein god sjanse til heimelaget. Lang ball som får spretta inne i feltet til Lysekloster. Der får Joacim Nundal foten på ballen og prøver ein lobb men den sprett like utanfor.
7'
Den påfølgande corneren blir det ikkje noko av.
6'
Så er Lysekloster på ferde. Bongani Kamanzi får gå uforstyrra mot 16-meteren og fyrer av eit godt skot som Dyngeland såvidt får slått til corner.
5'
Heimelaget er på farten inn i feltet med Joacim Furset. Prøver og dra seg forbi ein spelar og går i bakken og vil ha straffe. Dommar er ikkje einig. Burde gått for avsluttning i staden der.
1'
Bortelaget med avspark.
Avspark Start 1. omgang
Ønskjer velkommen til ny kamp på Jotun stadion. Sola er såvidt begynt å visa seg her i Årdal.