TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Dommaren bles av. Årdølene leverte brilliant fotball i andre omgang, og var i tillegg dødeleg effektive. Dei held dermed fram sin gode seriestart med 12 poeng på 4 kampar. Takk for følget.
Kamp slutt Slutt (11-2)
90+2'
Mål!
11-2
Kvarme med sitt andre for dagen. Reduserar like før slutt.
87'
Ny sjanse til heimelaget. Trollebø prøver seg frå 17 meter. Sundal reddar.
84'
Mål!
11-1
Heimelaget legg på til 11-1. Hovland blir felt på kanten av 16-meter. Mittet limer ballen i vinkelen direkte frå frisparket.
81'
Spillerbytte
78'
Mål!
10-1
Der kom også Nundal på skåringslista. Ein retur som Nundal set kontant i mål nede ved stolperota.
77'
Mål!
9-1
Ny flott skåring. Rode med fint innlegg som Hovland headar inn frå bakerste stolpe.
76'
Spillerbytte
75'
Spillerbytte
75'
4 mål på 8 minutt for heimelaget som no serverar fin fotball til publikum.
71'
Mål!
8-1
Panenka! Hovland blir felt. Tek straffen sjølv. Hat-tricket er eit faktum etter ein Panenka-straffe som sender keeper feil veg.
71'
Straffe!
69'
Mål!
7-1
Hovland driblar av 3 mann og spelar til Kevin Lægreid. Han ballen fint i mål.
68'
Spillerbytte
66'
Mål!
6-1
Spissmakkeren til Lereng vil ikkje vere dårlegare. Også Hovland skårar sitt andre for dagen.
63'
Mål!
5-1
Fotballen kan vere brutal. Rett etter straffebommen går Årdal opp til 5-1 etter at Lereng puttar sin andre for dagen. Blir spelt fint gjennom, rundar av ein mann og set ballen kontrollert til side for keeper.
62'
Straffe!
62'
Bom på straffe!
Keeper Midtun lagar straffe. Jølster-spelar blir tatt aleina med keeper. Ikkje noko å sei på den avgjerdsla. Sigve Saur Midtun ordnar opp, og reddar straffen som kaptein Sandnes set lågt til venstre.
60'
Straffe til Jølster!
59'
184 tilskodarar har teke turen til kunstgrasbana denne fine maidagen.
56'
Mål!
4-1
Der sit den for Hovland. Set ballen kontant i mål frå 9 meter etter trykk frå heimelaget.
50'
Hjørnespark
Sjansefattig start på andre omgang. Men det er Årdal som har trykket. Er nok nærmare 4-1 enn 3-2.
50'
Dagens dommar, Andreas Ytredal Akse frå Hyllestad IL, bles i gang 2. omgang.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Fortjent leiing til heimelaget til pause. Årdal skapte ein del sjansar, og vart etter kvart meir kliniske i avslutningane sine. Jølster var farleg frampå ved eit par høver og var nær i å ta leiinga etter 6 minutt.
Slutt 1. omgang Pause (3-1)
45+1'
Mål!
3-1
Etter litt klabb og babb endar ballen opp hjå Furebotn. Han set ballen fint i mål frå skrått hold.
45+1'
Publikum ropar på straffe til heimelaget. VAR ville nok ha sett på den igjen.
44'
Frispark til Årdal i farleg posisjon. Rode prøver seg, men muren får blokkert forsøket.
41'
Hjørnespark
Innsvingar frå Hjelle som Rode headar ut.
38'
Mål!
2-1
Elias Mittet curlar ballen elegant i mål frå 16 meter etter eit trykk frå heimelaget. Flott skåring.
37'
Jølster betre med etter utlikninga.
31'
Hjørnespark
Tørnes headar ut.
29'
Hjørnespark
Hovland prøver seg på eit spektakulært brassespark. Får ikkje ordenteleg kontakt med ballen.
25'
Mål!
1-1
Jølster straffar Årdal på ein kontring. Nikolai Kvarme dreg fint av ein mann og set ballen i mål ved stolperota frå 5 meter.
24'
Hovland driblar av eit par mann og prøver seg med ein markkrypar frå hjørna av 16-meteren. Også denne gang går ballen til side for mål.
22'
Ny sjanse til heimelaget. Nundal med innlegg frå høgre. Hovaland prøver seg på halvspretten, men treff ikkje mål.
19'
Hjørnespark
Går over alle og ut til innkast for Jølster.
16'
Mål!
1-0
Keeper Sundal prøver å dribla av Lereng. Lukkast ikkje med det og Lereng set ballen i mål frå 1 meter.
16'
Kampen går på kunstgras då grasbana ikkje var klar til å spelast på enda. Elles byr Årdal på gratis marsipankake til alle tilskodarane i dag i høve lansering av ny logo. Sjekk den ut i sosiale medier.
10'
Hjørnespark
Går ut til ny corner. Også denne får Jølster rydda unna.
9'
Fint gjenomspel til Furebotn. Men heller ikkje han treff mål frå 7 meter. God sjanse.
7'
Fartsfylt start på kampen. Truls Hovland blir spelt gjennom aleina med keeper. Jølster sin keeper Sundal med ein glimrande redning.
6'
Stor sjanse til bortelaget. Isak Tveit kjem til på ope mål, men set ballen utanfor kassa.
5'
Sjanse til heimelaget. Rode set ballen til side for mål etter dødball.
4'
Velkommen til 4. runde i kretsligaen. Årdal møter Jølster. Årdal med fin start på sesongen etter 3 strake sigerar. Jølster på si sida kjem til Årdal etter 3 knipne tap. Likevel skal Årdølene vere forsiktige med å undervurdera motstandarane som har vore betre enn tabellsituasjonen tilseier.
Avspark Start 1. omgang