Referat
Kun høydepunkter
Årdal FK gjer som dei vil og vinn leikande lett mot eit meget tafatt Høyang. Ikkje så mykje meir å oppdatera ... resultatet talar for seg. Morten Brandsdal og Ole Gunnar Hunderi er nok godt nøgd med laget sitt i dag. Mr.Molina er nok meir i tenkeboksen etter fire strake tap. Årdal FK takkar for følget og ønsker alle ei riktig god helg.
Kamp slutt Slutt (7-1)
90+1'
Dagens spelar på heimelaget er bestemt .... Tom Rune Sæle !!!
Balestrendingen er bunnsolid i alt han foretek seg. Eit godt valg av juryen.
88'
Kevin Lægreid skyt hardt til side for målet til Bergset.
87'
Heimelaget fornøgde no og trillar mykje ball.
84'
Veldig bra keeperspel av Sigve Saur Midtun. Er ute på 40m å plukker opp ein bakromspasning mot Kyrkjebø.
81'
Marius Loftheim ned for telling med skade i foten. Må ha hjelp av det medisinske apparatet til ÅFK. Loftheim må ut.
79'
Hovland spelar igjennom Furset. God redning av Bergset.
77'
Drikkepause
76'
Daniel Aven skyter og Saur Midtun må ut i full strekk. God redning av sisteskansen der ballen går til corner for Høyang.
64'
ÅFK rett i angrep og Furebot skyt rett på Bergset.
63'
Jonas Ness markerer seg etter innhoppet og skyt til side for mål.
56'
Høyang har fått blod på tann. Står høgare i bana og er klart meir med i kampen.
53'
Ny stor sjanse for ÅFK. Truls Hovland snapper opp ballen og kjem åleina skrått på Bergset. Set ballen rett på sistesjansen.
49'
Joachim Furset hissig dei første minuttane. Ny avslutning til side for målet til Bergset.
48'
Stor sjanse for heimelaget der Furset skyt til side for mål. Der burde det stått 4-0 !!!
47'
Høyang sarkar igang 2.omgang. Blir spennande å sjå om dei blir meir med poå notane i 2.omgang.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Årdal FK med totaldominans den 1. omgangen på Jotun stadion. Høyang litt med på notane dei siste minuttane. Blir nok meir spelerom for heimelaget utover i 2.omg men da må bedre presisjon på plass. Dette blir nok fokuset til Brandsdal/Hunderi i pausen. Høyang-trenar Molina må fokusera på å utnytta bakrommet bak Ylvisåker/Sæle om dei skal få uttelling.
Slutt 1. omgang Pause (3-0)
43'
Jonathan Breidvik spelar seg fram til ein sjanse og Saur Midtun må ut å visa sitt beste. God innvolvering av keeperen.
41'
Nundal må bort på sidelinja å få medisink hjelp der blodet renn fra nasen. Backen er nok snart tilbake på bana.
37'
Joackim Furset skyt i nettveggen etter pasning fra Nundal.
35'
Brede Stedje Ylvisåker og Tom Rune Sæle stoppar so å sei alt sentralt i bana. Stopparparet står høgt. Skal Høyang rysta heimelaget må dei bruka bakrommet framfor Saur Midtun i ÅFK-buret.
32'
Årdal FK snytt for eit soleklart straffe der Furebotn blir kløpt ned i feltet. Heilt utrulig at dommar ikkje peikar på 11m-merket der.
31'
Høyang yppar seg og spelar langt inn i feltet. Sigve Saur Midtun ute å plukkar ned.
28'
ÅFK spelar seg fram til fleire nestensjanser. Den siste pasningen blir som oftast for kort eller for lang. Meir presisjon er nok noko Brandsdal og Hunderi kjem til å terpa på i pausen.
26'
Aleksander Nundal spelar Anders Lereng igjennom men spissen er ei tålengd ifra å nå ballen før Bergset. Keeperen avverger situasjonen.
23'
Drikkepause på Jotun stadion
20'
Årdal FK står 20m inn på banehalvdelen til Høyang. Kjøyre kampen totalt no heimelaget.
14'
Hovland prøver skotfoten fra 38m. Til side for målet til Bergset der keeperen har full kontroll.
12'
Truls Hovland får ein smell i armen men fortsetter kampen. ÅFK avhengig av Hovland sin spisskompetanse off i bana.
10'
Sørli inn som venster back/kant for Tonheim. Blir nok problem no å vera h.back på Høyang da Sørli er meget hurtig.
7'
ÅFK spelar no med 10 mann !!
7'
Daniel Tonheim blir kløpt ned sentralt i bana og må ut.
2'
Årdal FK startar aggresivt og vil setta standaren tidlig i kampen
Avspark Start 1. omgang
Årdal FK spelar "heim att" i den 1.omgangen
Da er det snart klart for Årdal FK mot Høyang i eit fantastisk sommarvær. Blir spennande å sjå om spelarane klarar å holda oppe eit godt tempo gjennom heile kampen. Spørst om varmen spelar eit puss i dag.
Spelarane inne i garderoben for dei siste forberedelar før kampstart.
Da begynner me å nærma oss kampstart og spelarane er komne ut på ei strålande matta på Jotun stadion. Veldig varmt i dag slik at det vil nok bli iallefall ein drikkepause i kvar omgang.
Dagens dommer kjem fra Bergen og heiter Mickael Szajnfeld, Brann SK.
Med seg som assistentar har han Hanna Bauge fra Askvoll/Holmedal og Roy Andre Bergerud, Årdalstangen IL
Det er ikkje berre ein fotballkamp me blir vitne til i dag. Ein kamp i kampen blir indre mot ytre, Hilmar Høl mot Petter Sortland, Brandsdal/Hunderi mot Maureira/Hernandez og til slutt Truls Hovland mot Brage Bergset.
Høyang har 3 knepne tap i dei 3 siste kampane. ÅFK kom på vinnarsporet igjen sist helg mot Sandane etter at dei trakka på det berømte bananskalet mot Bremanger.
Den mest målrike kampen mellom laga på Jotun stadion kom i 1997. Da vant den gang Jotun 11-1 og Årdal FK sine trenarar Brandsdal/Hunderi scora 8 av måla (Brandy 6 og Olli 2). Det er vel ytterst tvilsomt om det resultatet vil gjenta seg i dagens kamp, MEN sist sesong vart resultatet 11-0 !!!
AluClassico er eit historisk stort oppgjør i fotball-fylket vårt. Tilbake på 50- og 60-talet hadde Høyang Falken og Hif. Årdal hadde Jotun og Årdalstangen. No møtes alubygdene under ÅFK og Høyang.
Da er det klart for 9.runden av Kretsligaen. Høyang tek turen innerst i Sognefjorden der eit Årdal FK ventar på Jotun stadion.