Referat
Kun høydepunkter
Så er kampen slutt og vi gratulerar Frigg så mykje som vinnar av Norsk Tipping-ligaen avd. 4. Dei vinn denne kampen fullt fortjent og har god kontroll det meste av kampen. Men det var spennande så lenge det stod berre 0-1 til bortelaget.
Kamp slutt Slutt (0-2)
85'
Så er heimelaget frampå med Joacim Nundal prøver og dra seg forbi ein Friggforsvarar men han timar taklinga perfekt.
71'
Frispark til heimelaget så blir slått inn i feltet men bortelaget ryddar greitt unna.
67'
Corner til Frigg som blir heada tilbake i feltet. Der ventar Caba som header over mål.
61'
Så er Vital Caba frampå med ei avsluttning men Dyngeland er med på notene.
59'
Stor sjanse til Frigg. Petter Nosakhare Dahl får snudd opp og fyrer av, men ballen treff tverrliggaren og over.
55'
Corner blir slått inn og ballen endar til slutt hjå Anders Lereng som har ryggsekken på og bankar ballen opp på taket av Årdalshallen.
54'
Frispark på 18 meter for heimelaget. Joacim Furset prøver seg men treff dårleg. Ballen går via muren og til corner.
53'
Stor sjanse til heimelaget. På ein corner så stig Jacob Bergset til værs men treff ikkje godt på headninga.
51'
Roleg start på omgangen. Frigg har hatt ballen mest men fint lite blir skapt.
46'
Frigg sparkar i gang 2. omgang.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Pause på kunstgraset på Jotun stadion. Bortelaget leiar fortjent etter spel og sjansar. Heimelaget har skapt lite, men så lenge det berre står 0-1 så er det framleis håp.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+2'
Så er heimelaget farleg frampå. Bergset vinn ballen høgt i bana og slår ut til Lereng som slår inn. Der ventar Joacim Nundal som satsar det han er god for men når ikkje heilt opp til ballen.
43'
Corner til Frigg som blir heada ut av ÅFK forsvaret.
37'
Så har Frigg ein avsluttning på mål, men skotet blir enkelt redda av keeper Dyngeland.
30'
Ikkje så mykje å melda om etter scoringa. Mykje spel på midtbana på begge lag.
19'
Frispark til heimelaget som Terje Kvam Øvstetun hamrar godt utanfor mål.
13'
Bortelaget har byrja å ta meir og meir over no.
13'
Nytt innlegg fra Frigg som heimelagets forsvar får rydda unna.
11'
Så er Frigg på farten. Kjem rundt på kant og slår inn, men heimelaget får renska unna til corner. Denne blir blir det ingenting utav.
9'
Stor sjanse til heimelaget. Ball blir stussa vidare til Jacob Bergset som avsluttar like utanfor.
5'
Frispark til Frigg som dei slår inn i feltet men ballen går over alt og alle og utover sidelinja.
2'
Heimelaget kjem rundt på kant ved Anders Lereng som slår inn men keeper fangar ballen lett.
1'
Heimelaget med avspark.
Avspark Start 1. omgang
Da ønskjer me velkommen til årets siste kamp i 3. divisjon 2021. Heimelaget tek i mot Frigg som er i Årdal før første gang sidan omkampen i cupen i 1965. Blir nok ikkje ny publikumsrekord denne gang (2200 i 1965). Ei heller er det like mange Hestetun i lagoppstillinga til heimelaget.For heimelaget gjenstår det å avslutte sesongen på ein god måte. Nedrykket er dessverre allereie stadfesta, medan Frigg helst må vinne for å beholde 1. plassen i avdelinga.