Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
Da er det over på Jotun stadion. Ein fortjent siger til heimelaget.
Kamp slutt Slutt (3-1)
90+5'
Den påfølgande corneren går over alt og alle og er det siste som skjer i dagens kamp.
90+5'
Sjanse til heimelaget. Kevin Lægreid vender flott opp i 16-meteren og avsluttar men keeper får slått til corner.
89'
Kjempesjanse til bortelaget. Først løsnar dei eit skot fra langt hold som keeper Midtun får ei hand på. Returen går ut i feltet og der er ein Førdespelar først på ballen men set den over mål. Han er uansett i offside.
85'
Har dabba av ute på bana no. Ikkje så mykje som skjer framfor nokon av måla.
71'
Bortelaget nesten igjennom, men Vegard Bukve Strand er på alerten og får pressa seg inn framfor og avklarar situasjonen.
61'
Sjanse til bortelaget. Innlegg fra kant som landar på hovudet på ein Førdeangripar som headar like over.
55'
Ny stor sjanse til heimelaget. Igjen er Joakim Berg Nundal frampå og kranglar seg fram og får avslutta men like utanfor.
47'
Heimelaget går rett i angrep og kjem til to store sjansar men begge gonger blir det redda på streken.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45+1'
Førde farleg frampå like før pause. Ballen blir slått inn i feltet men går over alt og alle.
41'
Ny stor sjanse til Anders Lereng. Blir spelt igjennom men avsluttninga stryk stolpen.
37'
Heimelaget kjem rundt på kanten ved Lukas Bruheim og slår flott inn. Anders Lereng er igjen sist på ballen men får ikkje avslutta på mål.
30'
Stor sjanse til heimelaget. Frispark som blir slått inn i feltet. Der møter Anders Lereng flott på bakerste stolpe, men klarar berre å styre ballen like utanfor.
20'
Førde yppar seg litt no og vinn ballen høgt i bana og får avslutta men rett på keeper.
13'
Julian Lægreid fossar framover bana med ballen og spelar nesten igjennom Tobias Furebotn. Godt driv på Julian der.
9'
Stor sjanse til heimelaget. Innlegg som endar hjå Anders Lereng. Får avslutta utan press, men skotet går like utanfor. Burde truffe mål der.
6'
Så er bortelaget på ferde igjen. Slår inn i feltet og ballen smyge seg mellom spelarane men havnar i fanget til heimelagets keeper.
2'
Førde 2 med første avsluttninga på mål i kampen. Skudd fra 20 meter men rett på keeper Sigve Saur Midtun.
Avspark Start 1. omgang
Da er me klare til årets første heimekamp på grasbana når Førde 2 tek turen til Årdal. Flotte speleforhold i Årdal i dag. Klarar heimelaget og fortsetta den perfekte sesongstarten?



