Referat
Kun høydepunkter
Da var det slutt på Jotun stadion. Heimelaget leia 3-0 før Fjøra våkna og reduserte. Etter dette hadde dei fleire store sjansar som kunne skapt spenning på slutten. Alt i alt ein fortjent siger til heimelaget.
Kamp slutt Slutt (3-1)
85'
Ny stor sjanse til Fjøra. Mathias Hovland får avslutta upressa fra 17 meter men ballen går like utanfor.
74'
Kjempesjanse til heimelaget. Joakim Nundal slår inn og der ventar Julian Lægreid som headar ballen dessverre rett på keeper. Returen går ut i feltet og Mittet avsluttar så like utanfor.
71'
Fjøra er frampå med ei avsluttning fra Mathias Hovland men ballen går eit godt stykkje utanfor.
69'
Corneren blir heada ut av bortelaget.
68'
Sjanse til heimelaget. Julian Lægreid kjem rundt på kant og slår inn i feltet. Der får bortelaget klarert til corner i siste liten.
61'
Ny avsluttning fra heimelaget. Tobias Furebotn avsluttar men keeper Eide har god kontroll.
56'
Sjanse til heimelaget. Lereng kjem rundt på kant og slår inn. Ballen endar slutt hjå Rode som avsluttar svakt rett på keeper.
53'
Dyngeland bommar totalt med eit framspel og ballen går rett i beina på Hovland, men Sæle er på plass og får rydda opp. Kunne blitt skummelt der.
51'
Så er Lereng på eit flott løp i bakrom. Blir såpass pressa at skotet går godt over mål.
48'
Corner blir heada ut av heimelaget.
48'
Store sjanar til Fjøra i starten av 2. omgang. Først er Malvin Gjerde nesten igjennom og ballen går så ut til Hovland som bankar til men Dyngeland slår til corner.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
45+2'
Flott spel av heimelaget. Julian Lægreid slår inn og ballen blir heada vidare til Lereng som så spelar til Mittet som avsluttar godt utanfor. Burde fått ballen på mål der.
41'
Så er det ein stor sjanse i andre enden. Nytt frispark blir slått inn i feltet, der er Anders Lereng nokre centimeter unna og styra inn sitt andre for dagen.
40'
Kjempesjanse til Fjøra. Plutseleg er Malvin Gjerde aleina framfor keeper, men avsluttninga går rett på Dyngeland som reddar med ein beinparade.
30'
Fjøra slår eit frispark inn i feltet. Der ser dommar noko ureglemntert og bles frispark til ÅFK.
28'
Heimelaget slår inn i feltet men ballen går enkelt inn til keeper.
27'
Andreas Olsen prøver seg igjen. Skyt fra 18 meter men ballen går eit par meter utanfor.
22'
Bortelagets Olsen er nesten igjennom igjen etter eit langt gjennomspel men heimelaget får rydda opp.
19'
Så er Fjøra farleg frampå. Andreas Olsen blir spelt igjennom men Dyngeland er akkurat tidsnok ut og får fanga ballen.
17'
Frispark til heimelaget på 20 meter. Eirik Rode ladar kanona og tvingar keeper Eide ut i full strekk.
12'
Kan sjå ut som at det blir eit keeperbytte her.
11'
Corner blir slått inn i feltet. Det endar i ein duell i feltet mellom ein ÅFK spelar og keeper, der sistnevnte får seg ein karamell og blir liggande.
10'
Heimelaget med frispark som blir slått inn i feltet. Der headar Fjøra FK ut til corner.
7'
Fjøra kjem til kampens første sjanse. Flo spelar igjennom til Malvin Gjerde som snur seg og prøver på ei avsluttning men får ikkje skikkeleg treff og ballen går over mål.
3'
Spelet bøljar fram og tilbake utan at nokon av laga klarar og ta skikkeleg tak.
Avspark Start 1. omgang
Ny kamp på Jotun stadion og me er klare for eit toppoppgjer mellom Årdal FK og Fjøra FK.