Referat
Kun høydepunkter
4-1 til ÅFK. Tok seg veldig opp i 2.omg, og etter det raude kortet så var det meste gjort. Mykje folk, soli skin og ein solid heimesiger. Fin laurdag for årdølene. Sander Øvstetun takkar for laget, forsatt god helg :)
Kamp slutt Slutt (4-1)
90+1'
Vedvik får ein sjanse ut av ingenting i hinn enden. God redning av Tomas.
90+1'
Har vore god Mittet også i dag. Sler innlegg med sukker og krem på, gang etter gang.
90'
Kevin med nok ein god sjanse. Stussar legget frå Mittet like utanfor.
89'
Gigasjanse ved Kevin. Truls møstar ballen ved 16-meteren, ballen blir liggande stille for Kevin, som skyt utanfor.
87'
Julian med dobbel tunnel, tut tut
85'
Furset står å et kake framfor speakerbui her, ser ikkje ke som skjer utpå bana pga. denna sværa torva han har midt oppå hovudet. Så her kan alt skje, utan at underteikna får det med seg.
84'
Stor sjanse ved Julian. Dreg av 2 mann på venstresida, avsluttar like utanfor.
82'
Juryen har kåra dagens beste ÅFK-spelar. Tobias Furebotn, gavekort på babben.
80'
Truls kjem seg rundt på langs høgre, forsøker å finna Mittet rett framfor mål - vert klarert nok ein gong
78'
Julian med eit raid på 75 meter. Vert sklitakla 5 meter frå mål, kjempetakling.
76'
Mittet i bakrom, forsøker å lobba - men treff dårleg. Midt på Frislid.
75'
Halvsjanse til Eid. Sindre Årskog får avslutta innafor 16, like utanfor.
71'
Frispark til ÅFK på hjørna av 16. Lereng blir teken i ryggen. Soleklar og særs unødvendig,
68'
Da er nok dette avgjort ja.
63'
Truls vert spelt gjennom, hårfin offside.
60'
TV-team på kamp i dag. Hovland har nok lyst på eit mål eller to. Treng å bli toppscorar om det skal væra noko håp om Kjendis-Farmen, 71-grader Nord - Kjendis, og Camp Kulinaris i 2024
57'
Då må Eid ta litt meir sjansar enn det dei har gjort så langt. Ligg svært djupt, og spelar masse langt på venstrekant Vedvik.
55'
ÅFK med eit par skumle legg på rappen.
53'
Eid får eit mål riktig annullert for offside. 2 meter.
53'
Skjer absolutt ingenting her no. Ballen er mykje i lufta
Start 2. omgang Start 2. omgang
Avsluttar litt før tiden ettersom me kom seint i gong. Stillinga er 1-1 til pause, noko som gjenspeglar kampen godt. Årdal med mest ball, men har ikkje lykkast i å inkludera Julian, Joachim og Truls nok. Simen Lefdal styrer det meste når Eid først har ball.
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
43'
Julian fossar oppover etter eit brudd sentralt, held ballen medan han ventar på Truls sin bevegelse. Sler ballen 1 sekund for seint, og Truls får ballen i offside posisjon.
42'
Eid er nok nøgd med uavgjort inn til pause her. Sender minimalt med mann framover når dei bryt på eigen halvdel.
37'
Lite som skjer her no. Eid ligg djupt.
30'
Oioioi. Lereng snappar opp ballen frå venstrebacken, og tek med seg ballen skrått inn mot mål. Furset, Hovland og Lægreid står 3 mot 2 i feltet, Lereng vel å skyta - treff nettveggen. Stod i kø for å scora i feltet der..
22'
Hovland ein cm i frå å få panna på legget frå Mittet. Litt betre takter frå heimelaget no.
21'
Julian drusar Eid backen i bakken rett ved sidelinja. Fyrer seg godt opp karen i frå Nordfjord, Lægreid tek det med eit smil og humrar litt :)
19'
Julian får dribla seg ned langs dørlinja, legget vert klarert. Har hatt lite ball til no Lægreid.
18'
Truls får ikkje 1 meter å jobba med i dag. Har ein Eidar klint opp i godtavla til ei kvar tid.
16'
Simen Lefdal verkeleg i slaget i dag. Dreg av 2 mann og vert felt på rundt 25 meter - ingen frispark.
15'
Furset langs venstre denne gongen, sleivar legget inn i klypedn til Frislid.
12'
Lereng kjem 1 mot 1 på kanten, vel innlegget, rett i blokka - skulle ha spelt Nundal på overlappen der.
10'
GIGASJANSE! Lefdal tvilligane spelar 2x veggspel framfor 16 og trillar ut til Vedvik. Han skyt på første touch, innsida av stolpen og inn i fanget til Hellebø på streken.
9'
Korleis svarar ÅFK på dette? Har nok av spelarar som kan ta ansvar lenger opp i bana her.
6'
Eid fekk med seg eit uavgjort resultat her i fjor, noko som kosta ÅFK dyrt. I år har dei også fått med seg att Simen Lefdal - som vil løfta dette Eid laget voldsomt. Ein verkeleg test for opprykksjagande ÅFK i dag. Spesielt etter at Fjøra banka Stryn 13-1 i går.
5'
Hovland kjem seg fri på kanten, chippar inn til Furset som headar like utanfor.
3'
Furset som off.midt i dag, ny rolle for han. Ser ut som ein litt ustelt Rui Costa, så får me sjå om han også kan etterligna ferdigheitane
2'
Frispark til Årdal på hjørna av 16. Klarert av ein Eid-forsvarar
1'
Då er me i gong etter litt tekniske problem her. Kampen går på krøllgraset, og nettet spelte ikkje heilt på lag.
Avspark Start 1. omgang