TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Poengdeling på Jotun stadion. Etter spel og sjansar er det ingenting å sei på. Årdal var best i første og leia 2-0. I andre omgang heva Eid seg og utlikna til 2-2 etter to skåringar av Henrik Vingen Vedeld. Etter målet skpar Eid fleire gode sjansar, medan Årdal slit litt med siste pasningen. Takk for laget, og ha ei fortsatt fin helg.
Kamp slutt Slutt (2-2)
90+5'
Rødt kort
90+4'
Gult kort
90+2'
Sæle klaskar til fra 25 meter. Keeper får slått til corner
90'
Nundal dreg seg fint inn frå høgre, men avslutinga går over.
88'
Gult kort
87'
Årdal har ball, og Eid kontrar når dei får moglegheit. Denne kan vippe begge vegar.
84'
Begge lag går for sigeren her kan det sjå ut som. Ligg an til nokre spanande sluttminutt her.
82'
Spillerbytte
78'
Spillerbytte
78'
Eid kjem til ein god avslutning, og Dyngeland må gi retur, men sisteskansen rekk å kaste seg over ballen like før Lefdal skal sette den i det tomme målet. Stor sjanse!
72'
Spillerbytte
71'
Eid kjem igjennom nok ein gang og får avslutta fra skrått hold, men Dyngeland står i vegen.
66'
Spillerbytte
66'
Gult kort
Held igjen Mittet på veg fram.
64'
Stor sjanse til Eid! Eid pressar på og kjem til nok eit legg. Ein Eidspelar er først på ballen, og headar via ein Årdal spelar, men ballen snik seg utanfor stolpen.
61'
Brandsdal og Hunderi tek grep her no for å prøva å ta tilbake initiativet i kampen.
60'
Spillerbytte
59'
Spillerbytte
59'
Eid har storma ut i andre omgang her. Årdølene er rysta.
58'
Frisparket går himmelhøgt over.
57'
Gult kort
Grei den. Frispark til Eid i farleg possisjon.
55'
Mål!
2-2
Eid utliknar på Jotun stadion! Nok ein gong blir det slått eit flott innlegg frå venstre, nok ein gong er det Vedeld som stangar ballen i mål
51'
Mål!
2-1
Flott innleg, og innbyttar Vedeld stig til vers å stangar ballen i mål. Flott mål
50'
Fint angrep av Årdal. Mittet driv fram med ballen, og spelar Lereng fint fri på høgre. Han prøver å finne Julian Lægreid framfor mål, men innlegget blir litt for upresist.
46'
Spillerbytte
46'
Årdal sparkar i gang andre omgang.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Pause her på Jotun stadion og Årdal tek med seg 2-0 inn i garderoben. Ikkje ufortjent at dei leiar til pause, men Eid har ytt god motstand, og skapt nokon farlegheitar på dødballar. Tid for pølse og brus, så snakkast me om knappe 15.
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
45+1'
Bra sjanse til Eid. Eit frispark blir slått mot bakerste der ein Eidspelar headar inn att framfor mål, men resten av Eid angrepet er akkurat for seine til å nå ballen som går ut over dødlinja
42'
Jamn kamp i banespelet denne første omgangen, men Årdølene har vore mest effektive framfor mål.
29'
Mål!
2-0
Mønsterkontring av Årdølene etter frisparket. Nundal, Lægreid(Julian) og Lereng kombinerar seg framover og sistnemde har ein grei jobb med å sette innlegget frå Lægreid i mål.
29'
Frisparket er godt slått, men ein Eidspelar er litt for røff med Dyngeland i Årdal målet, og lagar frispark
28'
Frispark til Eid i fin innlegspossisjon.
24'
Gult kort
Meiner han skulle hatt straffe, og kjeftar på seg eit gult kort
22'
Lite som sjer utpå her no. Mykje kriging frå begge lag utan at nokon av laga klarar å skape dei heilt store sjansane.
16'
Sjølv om Årdal tok ei tidleg leiing så er Eid kome til Årdal for å spele fotball. Held fint i ballen og hadde nettopp ein god sjanse som blei blokert av ein Årdal forsvarar.
3'
Mål!
1-0
1-0 til Årdal etter 3 minutt. Mittet på straffe
Avspark Start 1. omgang