Referat
Kun høydepunkter
Da var det over her på Jotun stadion og Årdal vinn 10-0. Resultatet seier det meste om denne kampen. Spenningen vara i knappe 10 minutt, då sa årdølene takk for følget. Dagens mann på Jotun stadion var Elias Mittet som leika fotball utpå her i dag. Gøran Moheim takkar for kampen, og håpar alle får ei fin helg viudare, og at me snakkast på Målrock i kveld.
Kamp slutt Slutt (10-0)
87'
Truls da!!! Kevin vinn ballen inne i sekstenmetren og pirkar den til Truls som rundar alt og set ballen mot mål. Diverre rullar ballen alt for sakte, så ein Bremanger forsvarar rekk og komme seg heim å takle vekk ballen på streken. 10 armhevingar på den, Truls.
82'
Gullfoten til Mittet er nok ein gong presis når han prikkar eit innleg på lissa til Julian Lægreid, men diverre går avslutningen utanfor.
76'
Virkar som begge lag vil bli fortast mulig ferdig med denne kampen. Ikkje mykje trøkk igjen utpå her.
57'
Bremanger spelar med ti mann no, etter at nr 19 Svarstad måtte gå av igjen med skade. Ser ut som at dei ikkje har fleire å sette inn... Dette kan bli tungt.
53'
Stor Årdal sjanse. Mittet skyt frå 18 meter, keeper slår ballen rett til Lereng, men avslutninga går over. Den skal sitta.
49'
2.omgang startar som som 1.omgang var. Årdal har ball pg pressar på, medan Bremanger ligg lågt og forsvarar seg.
46'
Andre omgang er i gang
Start 2. omgang Start 2. omgang
Årdølene er i rockehumør i helga, og dei har dansa seg gjennom første omgang. 6-0 taler for seg om korleis denne omgangen har vore. Bremanger har forsvart seg med nebb og klør, men det blei tøft utover omgangen. No blir det pølse og kaffi, så snakkest me til andre omgang om litt
Slutt 1. omgang Pause (6-0)
39'
Frispark i farleg possisjon for Årdal. Mittet står klar
26'
Sjølv om Årdal har ball og pressar på så må ein sei at Bremanger spelarane har kome til Årdal med ein taktikk om å gjere det vanskeleg for angriparane til Årdal. Ligg fryktelig djupt og ofrar seg i duellane bak der.
22'
Stor sjanse for Hovland etter han blei spelt lekkert igjennom av Elias Mittet. Avslutningen blir blokkert i siste liten.
20'
18 minutt tok det før Årdal keeper Dyngeland fekk berøring med ballen. Tilbakespel frå Furebotn.
15'
Årdal fortsett å køyre over bortelaget, og Julian Lægreid har vore nær to gangar på kort tid, men Bremanger forsvararane ofrar seg godt og får blokkert forsøka.
11'
Spel mot eit mål her dei første 10. Årdal pressar på og kunne faktisk ha hatt eit par mål til allereie.
4'
Julian Lægreid kjem fint rundt på venstrekanten og slår inn til ein umarkert Truls Hovland som avsluttar like uttafor. Bra sjanse.
2'
Årdal som har ball her i starten.
1'
Kampen i gang.
Avspark Start 1. omgang
Velkommen til denne liveoppdateringa av kretsligakampen mellom Årdal FK og Bremanger. Fine forhold på Jotun stadion i dag. Fukt i graset, og stadig lettare skydekke.