Referat
Kun høydepunkter
Da er kampen slutt. Enda med ein fortjent siger til Bjarg.
Kamp slutt Slutt (3-5)
90'
Så er heimelaget farleg frampå. Jacob Bergset får godt treff men skuddet går rett på keeper.
88'
Mykje kjemping ute på bana no. Eit heimelag som prøver og jaga ei utlikning medan Bjarg prøver og holda unna.
69'
Frispark like utanfor 16-meteren til ÅFK. Bjargspelar Brede Sandmoen får to sjansar men begge går i muren.
60'
Corner til heimelaget som nesten landar på hovudet til Truls Hovland men igjen så får Bjarg rydda unna.
57'
Bergset på beina igjen etter at han fekk seg ein solid trøkk.
53'
Er assistentdommarane som har hatt mest å gjera så langt i omgangen. Offsideflagga har vaia i vinden.
46'
Så er me i gang med 2. omgang. Klarar heimelaget og snu detta?
Start 2. omgang Start 2. omgang
Da er det pause på Jotun stadion. Bjarg opna best og scora på sine to første sjansar. Heimelaget sleit lenge, men har klart og jobba seg inn i kampen igjen. Fekk ei fortjent redusering ved Anders Lereng. Etter dette var heimelaget farleg frampå ved eit par høve.
Slutt 1. omgang Pause (1-2)
39'
Så er Anders Lereng farleg frampå men får ikkje skikkeleg trykk på avsluttninga og ballen går utanfor.
38'
Nytt flott angrep fra heimelaget. Truls Hovland dreg seg forbi eit par spelarar og slår ut til Joacim Furset som avsluttar i nettveggen.
36'
Stor sjanse til heimelaget. Ballen endar hjå Joacim Furset som avsluttar like utanfor.
33'
Bortelaget går rett i angrep og det blir ein stor sjanse men keeper Dyngeland er med på notene.
32'
Frispark fra Eirik Rode som Jacob Bergset er nær ved å få houvdet på men Bjarg får rydda unna.
17'
Frispark like utanfor 16-meteren for ÅFK. Eirik Rode prøver lykka men går via muren til corner. Ein corner som endar i klypene til keeper Ræstad.
12'
Joacim Furset på eit raid langs venstrekanten, prøver å skjære inn men får ballen for langt foran seg.
9'
Så er Bjarg nesten igjennom, men Dyngeland er såvidt først på ballen og får banka den til kast.
8'
Nestensjanse til heimelaget. Eit innlegg som såvidt fyk over hovudet på Truls Hovland
7'
Utover målet så har det vore mykje kriging så langt.
Avspark Start 1. omgang
Klart for årets nest siste heimekamp for Årdal FK. Kampen har blitt flytta over på kunstgraset i dag da det har regna rett så bra dei siste dagane så grasbana har fått vassmengda si og vel så det.