Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Avslutningar: 13-10. På mål: 3-4.
Tottenham slår til med ein storsiger på Kypros, og dagens mann er utan tvil superspiss Harry Kane. APOEL hadde nok av moglegheiter til å score mål igjennom kampen, men skilnaden på dei to laga var effektiviteten. Kane sørgja for at Spurs leia 1-0 til pause, og i løpet av ei femminuttersperiode i 2. omgang ordna han to til. Kypriotane føler nok at dei burde ha fått langt meir ut av dette oppgjeret, men så lengje ein ikkje klarer å få ballen over mållinja går det slik. Tottenham har dermed full pott etter dei to første kampane, medan APOEL har null.
Kamp slutt Slutt (0-3)
90'
N'Koudou prøvar seg igjen. Ballen sklir av foten og endar godt til side for mål.
89'
APOEL med ein god kontringssjanse, men ei dårleg pasning øydelegg. Corner blir det likevel.
87'
De Camargo med ei avslutning. Utanfor.
86'
Rueda avsluttar på frisparket, men ballen går over.
86'
Frispark i brukbar posisjon for avslutning.
83'
N'Koudou skjer innover og avsluttar, men forsøket blir blokkert.
81'
Zahid slår inn, men Sissoko får klarert.
80'
Frispark til APOEL i grei innleggsposisjon.
80'
Zahid igjen. Avsluttar utanfor via ein motspelar. Corner.
76'
Zahid med eit brukbart forsøk. Lloris reddar greitt.
73'
Kane prøvar seg som arkitekt på venstresida, men innlegget blir enkelt plukka av Waterman.
72'
Ein real kalddusj for APOEL, dette. Laget har skapt nok sjansar til å score fleire mål, men har vore altfor ineffektive. Det har derimot ikkje gjestane frå London vore, og Kane har putta mål på dei sjansane han har hatt.
70'
Nesten igjen! Son prøvar seg frå grei posisjon, men skotet går via ein motspelar og ut til corner.
65'
Brukbar sjanse for Tottenham! Sissoko kjem seg laus endå ein gong, og no prøvar han seg på eit skot sjølv. Waterman reddar, men gir ein farleg retur. Heldigvis for heimelaget klarer han etter kvart å fange den igjen.
62'
Vertane bit frå seg igjen. Eit par farlege innlegg i løpet av kort tid, men Spurs får med naud og neppe klarert.
61'
Sallai blir spelt fri på høgresida og prøvar eit kjapt skot. Utanfor mål. Har gjort mykje bra offensivt i starten av denne omgangen, APOEL!
56'
Bra sjanse for APOEL igjen! Vertane set i gong eit lynhurtig angrep som fører til at Aloneftis blir spelt fri i bakrom. Under hardt press får han sendt i veg eit godt skot, men Lloris reddar meisterleg. Corner.
54'
Aloneftis slår inn frå venstre etter at APOEL har sett i gong ei kontring, men De Camargo klarer ikkje å styre den påfølgjande headinga på mål.
49'
Sallai blir lagt i bakken inne i Spurs sin sekstenmeter, men blir avvinka for offside.
48'
Bra forsøk av vertane! De Camargo headar fri Sallai som bankar til på direkten. Lloris gjer ei god redning og klarer også å halde ballen.
48'
Zahid med ei avslutning i motsatt ende. Eit par meter over buret til Lloris.
46'
Son blir spelt fri inne i boksa og hamrar ballen like utanfor mål frå spiss vinkel. God sjanse!
Start 2. omgang Start 2. omgang
Spurs leiar 1-0 etter ei sein scoring av formspissen Harry Kane. APOEL har derimot ikkje gjort seg vekk her, og det er faktisk kypriotane som har skapt dei største sjansane forutan det eine målet vi fekk. Forhåpentlegvis byr dei seg fram offensivt etter kvilen også, slik at vi får ein spanande 2. omgang.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+1'
Spurs kontrar og Son er veldig nære ved å klare å tre igjennom ei pasning til ein lagkamerat som er på veg igjennom. Pasninga er derimot ikkje hard nok, og ein APOEL-spelar tek over.
44'
Ut i frå sjansestatistikken er det kanskje ikkje fortent at Spurs leiar, men når ein veit forma Harry Kane er i om dagen er det likevel inga overrasking.
37'
Lloris held på å rote det til! Målvakta kjem langt ut for å klarere eit gjennomspel, men sender ballen berre rett i ein medspelar. Kula trillar like utanfor hans eige mål. Corner.
37'
Zahid involvert med ein bra corner, der.
35'
Bortelaget kombinerer seg fint igjennom APOEL sitt forsvar, men det avgjerande innlegget frå Aurier blir for vanskeleg å handtere for lagkameratane. Endar til slutt med utspel frå Waterman.
31'
Aurier med innlegg igjen. Endar med nok ein corner.
31'
Vi har ikkje sett så mykje til Ghayas Zahid hittil i oppgjeret. Det meste av det offensive som har skjedd har vore på venstresida der Aloneftis held til.
30'
Heimelaget speler seg iskaldt ut når Spurs står høgt.
28'
Veldig lite spanande som skjer på GSP Stadium no. Stillingskrig mellom laga.
23'
Over halvspelt omgang no. Spurs opna bra, men etter det har APOEL vore fullt på høgde. Dei skapte også ein kjempesjanse, men skotet frå De Camargo gjekk i tverrleggaren og ut.
22'
Aurier slår inn nok ein gong, men vertane får stanga unna.
22'
Keeper Waterman med ei iskald dragning på Son som kjem stormande fram.
20'
Så smell det i metallet! De Camargo bankar til frå god posisjon og ballen fyk i tverrleggaren og ut. Den hadde ikkje Lloris teke. For ein sjanse!
20'
Son headar over frå kort hald i motsett ende. Blir faktisk ikkje avvinka for offside, så det var ein god sjanse!
17'
Brukbar sjanse for heimelaget! Sallai får eit presist innlegg frå høgre, men klarer ikkje å få nok kraft i headinga.
16'
Aurier prøvar å slå hurtig inn frå kanten sin. Blir blokkert til corner.
14'
Aloneftis får plutseleg masse plass på venstrekanten, men 34-åringen blir korrekt avvinka for offside.
13'
APOEL ligg kompakte bakover og har så langt ikkje gitt Spurs altfor mykje boltreplass.
11'
Son prøvar eit skot. Blir blokkert.
4'
Stor sjanse for Spurs! Bortelaget kontrar og Aurier slår flatt inn frå høgre. APOEL maktar ikkje å klarere skikkeleg, og Son får avslutta frå kort hald. Blir blokkert.
3'
Harry Kane med kveldens første avslutning. Sender ballen til side for mål.
2'
Dei to laga møtest for første gong i kveld. Spurs har møtt lag frå Kypros fire gongar tidlegare (tre sigrar, ein uavgjort).
Avspark Start 1. omgang
Formmessig er også Spurs ein klar favoritt. 4-1-0 er statistikken over dei fem siste i alle turneringar. For kypriotane sin del har det blitt 1-2-2.
APOEL-manager Giorgos Donis må på si side unnvere George Efrem, Facundo Bertoglio, Lorenzo Ebecilio og Zhivko Milanov til kveldens kamp. Den greske 47-åringen har ei lang karriere som spelar bak seg også, og faktisk var han den første grekaren som spelte i Premier League. På slutten av 90-talet var han innom både Blackburn, Sheffield United og Huddersfield.
I tillegg til Vertonghen må Spurs også klare seg utan Dele Alli, som framleis er suspendert etter å ha blitt utvist i Europa League førre sesong. Når heller ikkje Christian Eriksen er med på grunn av sjukdom, er det tydeleg at londonarane stiller svekka i dag. Andre som manglar er Erik Lamela, Danny Rose, Mousa Dembele og Victor Wanyama.
Mauricio Pochettino sitt Tottenham slo på si side til med ein svært imponerande 3-1-siger over Borussia Dortmund. Son og to mål av Kane sørgja for ein god start på gruppespelet. På overtid blei derimot stoppar Jan Vertonghen utvist etter å ha fått sitt andre gule, noko som betyr at han er suspendert i kveld.
Kampen mot Real Madrid enda for øvrig med 0-3-tap. Laget frå Kypros slapp inn mål i mot tidleg, men heldt etter det ut i nærare 40 minutt før to nye baklengs kom. Det er nok først å fremst på heimebane at dei kan ha håp om å ta noko poeng i denne turneringa.
Eit veldig positivt moment for oss nordmenn er at vår eigen Ghayas Zahid startar sin første Champions League-kamp for APOEL. 23-åringen, som kom frå Vålerenga i august, hadde eit innhopp den første runda av turneringa, då han kom inn mot Real Madrid heilt på tampen. Det blir spanande å sjå korleis han vil klare seg mot Ben Davies på Spurs sin venstreback i kveld.
Hei og velkomen til livedekning av Champions League-oppgjeret mellom APOEL Nikosia og Tottenham!