TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Det som såg ut til å ende med ein siger til Anderlecht snudde seg totalt i løpet av nokre få minutt heilt på tampen. Najar ordna 1-0 til heimelaget, men før det heile var over sørgja Gibbs og Podolski for at det i staden blei Arsenal og bursdagsbarnet Arsene Wenger som fekk med seg dei tre viktige poenga.
Kamp slutt Slutt (1-2)
90+1'
Mål!
1-2
Arsene Wenger trudde at laget hans ikkje hadde med seg gåver i 65-års-selskapet hans, men i staden gjekk dei altså berre for lure-varianten der dei kom med ei overrasking heilt til slutt etter først å ha skuffa jubilanten. Podolski er det som får æra av å levere pakken til rett plass. 1-2!
89'
Mål!
1-1
Arsenal utliknar i det 89. minutt! Chambers bankar inn eit innlegg på førsteberøringa, og på bakerste stolpe breisidar ein umarkert backkollega Gibbs flott inn utlikninga frå skrått hald. Den var viktig for The Gunners!
88'
Spillerbytte
87'
Det er svært sjåverdig på Constant Vanden Stock no. Begge lag angrip så fort sjansen byr seg.
85'
Nok ein god sjanse for Anderlecht! Heimelaget rullar bra opp, og Defour bankar til. Debutant Martinez gjer ei god redning.
84'
Suarez skapar trøbbel for Arsenal umiddelbart! Innbytaren kjem plutseleg åleine med Martinez, men ei dårleg berøring øydelegg.
84'
Spillerbytte
83'
Spillerbytte
82'
Svært nære for Arsenal! Sanchez skrur frisparket over muren og det stryk stolpen før det går ut. Den hadde aldri Proto nådd.
81'
Frispark for Arsenal.
80'
Gult kort
Lagar både frispark og protesterer, og det endar med kampens tredje gule kort.
79'
I metallet frå Anderlecht! Heimelaget kontrar og Vanden Borre får plutseleg stå åleine på sju meters hald. Backen prøvar ein slags chipp, og den går i tverrleggaren og ut. Najar bankar så til på returen, men den hamnar i nettveggen. Nære på ei punktering av oppgjeret, der!
78'
Arsene Wenger er ikkje fornøgd med sine utvalde gjestar i 65-årsdagen sin og inviterer nokre andre på festen sin i staden. Er det Joel og Alex som skal sørgje for ei fin stund for jubilanten?
76'
Og med den scoringa rusla også Anderlecht forbi Arsenal på tabellen. Om dette resultatet held seg kan Arsenal få det tøft dei siste kampane.
75'
Spillerbytte
75'
Spillerbytte
73'
No blir det definitivt ei spanande avslutning på kampen!
71'
Mål!
1-0
Anderlecht går i føringa! Arsenal er slappe i presset og Praet får vende opp og slå inn i boksa til Najar som stig til vêrs og stangar ballen inn forbi Martinez i Arsenal-buret.
70'
Laber periode i oppgjeret no.
66'
Gult kort
Stoppar kynisk Mbemba som er på veg framover.
64'
Nære på for Arsenal igjen! Cazorla kjem åleine med Proto frå spiss vinkel, men den belgiske målvakta reddar elegant. Sanchez får også etter kvart avslutta, men skotet hans går høgt over mål.
64'
Praet dreg seg elegant fri og avsluttar frå 18-19 meters hald, men forsøket går bra over mål.
62'
Chambers får heada ei langpasning på tvers innover i boksa, men ingen andre i raudt og kvitt er med på den og Anderlecht får rydda opp.
59'
Bra opprulling av Anderlecht. Conte speler flatt inn foran mål, og Cyriac får avslutta frå 17-18 meters hald. Debutant Martinez får ein grei jobb med å halde skotet.
57'
Litt meir liv i dei to laga etter pause.
56'
Nesten for Gunners! Sanchez finn Ramsey åleine inne i boksa, men frå sju meters hald skyt walisaren utanfor.
54'
Conte blir spelt flott fri på Anderlecht si venstreside, men det blir for mange finter på spelaren frå Guinea og Arsenal kan overta igjen.
52'
Wilshire prøvar å drage med seg kula inn i boksa, men eit belgisk bein hindrar han i å gjere noko konstruktivt med den.
50'
Sanchez lurer offsidefella og står plutseleg åleine foran mål. Han prøvar å stussa kula vidare, men endar berre opp med å treffe den med ryggen. Anderlecht-keeper Proto kan puste letta ut når kula dalar inn i hanskane hans.
48'
Hjørnespark
Endar opp med at Welbeck og Arsenal får frispark.
48'
God sjanse for heimelaget. Conte prøvar seg, men Mertesacker får blokkert til corner.
Start 2. omgang Start 2. omgang
45 minutt og sju sekund med lite hendelsesrik fotball er over i Anderlecht. Arsenal har hatt ballen mykje, men skapt svært, svært lite. Heimelaget har på si side vore angrepsvillige, men det heile har stoppa opp på den siste tredjedelen av bana. Forhåpentlegvis har laga brukt 1. omgang som oppvarming slik at dei er klare til å varte opp med topp angrepsfotball etter kvilen.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45'
Mange stopp i spelet og lite framdrift her no.
42'
Hjørnespark
Nok ein gong svakt levert frå Defour.
42'
Endar på bakerste stolpe der Deschacht tvingar fram endå ein corner.
41'
Frispark til heimelaget. Defour er klar.
40'
Hjørnespark
Også dette hjørnesparket endar resultatlaust.
40'
Praet jaktar ein lang ball inn i Arsenal si boks, og klarer å tvinge fram eit hjørnespark.
37'
Hjørnespark
Mertesacker stussar ballen vidare frå seks meters hald. Over mål.
35'
Sanchez får avslutta frå skrått hald. Over buret til Proto.
34'
Skot frå heimelaget, men det går eit godt stykke til side for mål.
31'
Welbeck kjem seg inn i boksa med ballen, men skotet blir kjapt blokkert.
31'
Dei første 30 minutta er unnagjorte denne dagen-derpå etter målfesten rundt om i Europa i går. Berre fire mål på dei åtte kampane har det blitt så langt.
29'
Hjørnespark
Endar med eit frispark til Gunners.
29'
Acheampong spring lett frå Chambers og får lagt inn, men bortelaget får stoppa forsøket. Corner.
27'
Hjørnespark
Kampens fjerde hjørnespark. Mertesacker stangar unna, før Praet bankar returen langt over mål.
27'
Wilshire lobbar ballen over næraste motspelar og prøvar ein kjapp stikkar mot Welbeck. Nære på at han lukkast.
24'
Blir stussa farleg bakover i feltet, men ingen Arsenal-spelarar kjem først på ballen når den dett ned.
23'
Cazorla skal prøve seg endå ein gong.
23'
Welbeck lagar trøbbel for Anderlecht-forsvaret og skaffar laget sitt nok eit frispark.
22'
Wilshire prøvar å finne Cazorla inne i Anderlecht si boks, men utføringa er for dårleg og keeper Proto snappar ballen lett.
21'
Conte med frispark for heimelaget. Blir heada unna enkelt av første Arsenal-forsvarar.
19'
2-0 til Dortmund i Istanbul. Det ser ut som om Arsenal må fokusere på å klare 2. plassen.
19'
The Gunners trillar ball no. Anderlecht-spelarane spring mykje imellom.
16'
Hjørnespark
Ikkje godt slått av spanjolen, og Anderlecht overtek. Svake dødballar frå Cazorla så langt i oppgjeret.
15'
Cazorla slår inn, men heimelaget får heada unna.
15'
Sanchez går i bakken ved det eine cornerflagget og får eit relativt billeg frispark.
14'
Anderlecht går rett i angrep, men Arsenal vinn raskt tilbake kula.
14'
Hjørnespark
Blir stussa vekk frå farleg område.
13'
Heimelaget rullar oppe it angrep, men Praet sitt forsøk blir blokkert av Chambers.
12'
Cazorla skyt rett i muren. Svakt utnytta.
12'
Cazorla og Sanchez står klare.
11'
Frispark til Arsenal i finfin posisjon. Welbeck blir felt 18 meter frå Anderlecht sitt mål.
10'
Bra tendensar frå Anderlecht dei siste minutta.
8'
Gult kort
Står i vegen for Cyriac og får kampens første gule kort.
8'
Borussia Dortmund har no teke leiinga borte mot Galatasaray. Det betyr at det for augneblinken er fem poeng opp til førsteplassen for The Gunners.
7'
Vanden Borre legg inn, men Chambers får reinska unna.
7'
Steven Defour er altså tilbake i belgisk fotball etter sitt opphald i Porto. Han kom for 6 millionar Euro i sommar og har signert for fem år.
5'
Hjørnespark
Endar med ingenting. Svakt utnytta.
5'
Godt angrep av heimelaget også. Arsenal får blokkert innlegget til corner.
5'
Godt angrep av heimelaget også. Arsenal får blokkert innlegget til corner.
3'
Bra sjanse for Arsenal! Sanchez kjem seg fri på høgrekanten og slår femogførti grader ut i Anderlecht si boks. Der kjem Cazorla springande, men avslutninga frå spanjolen går langt utanfor.
1'
Arsene Wenger fyller for øvrig 65 år i dag. Etter 2 x 45 minutt i dag finn vi ut om han får den bursdagsgåva han ynskjer seg aller mest!
Avspark Start 1. omgang
Carlos Velasco Carballo er kveldens domar.
Begge laga har kome på bana, den magiske Champions League-hymna har runga over stadionet Constant Vanden Stock, og vi er få straksar unna avspark!
Alle som fylgde det spanande belgiske landslaget under sumarens Fotball-VM kjenner att namn som Vanden Borre og Defour.
Monreal held fram i midtforsvaret saman med Mertesacker, medan den 22 år gamle argentinske målvakta Damian Martinez debuterer for klubben ettersom dei to førstevala Szczesny og Ospina er ute.
Anderlecht Besnik Hasi manglar blant andre N'Sakala og Nuytinck til kveldens kamp. For Arsene Wenger sin del skapar lista med utilgjengelege spelarar langt større problem. Szczesny er suspendert, medan Debuchy, Koscielny, Ospina, Özil, Sanogo og Walcottalle er ute med skade. Det har ført til at den franske sjefen har måtte vere kreativ.
Kveldens oppgjer blir det første offisielle møtet mellom Anderlecht og Arsenal. Belgiarane har kjempa mot engelsk motstand ved 28 tilfelle tidlegare, og statistikken på desse er 6-4-18. Arsenal har på si side møtt belgiske klubbar seks gongar før, og vunne fem og tapt èin.
Arsenal har ikkje like mange pokalar å vise til i internasjonal fotball sjølv om dei har vore eit fast innslag her i veldig mange sesongar, og vi må tilbake til 1994 for å finne ein av dei få gongane dei klarde dette. Då blei Parma slått 1-0 i Københamn etter mål av Alan Smith. Det andre trofèet dei har å vise til er mindre gjeve Inter-Cities Fairs Cup som dei gjekk sigrande ut av i 1970.
Den 106 år gamle klubben Anderlecht (skipa 27. mai 1908) er den mest suksessrike belgiske klubben i europacupfotball med sine fem trofè, og det var på seint 70- og tidleg 80-tal dei utmerka seg mest. Cupvinnarcupen vann dei i 1976 og 1978. I Europa League klarde dei det same i 1983. Super Cupen tok dei i 1976 og 1978.
Borussia Dortmund toppar Gruppe D etter å ha slått både Anderlecht (3-0 borte) og Arsenal (2-0 heime) i dei to første kampane. Arsene Wenger sitt Arsenal-lag ligg på plassen bak etter deira trepoengar mot Galatasaray (4-1 heime) sist, medan Anderlecht innehar 3. plassen som gir spel i utslagsrundene i Europa League etter 1-1 mot tyrkarane i Istanbul i den første runda.
Gårsdagens runde baud på nokre vanvittige resultat, og det blei scora heile 40 mål på dei åtte kampane, noko som tilsvarar eit snitt på 5,0 mål per oppgjer. Forhåpentlegvis vil denne onsdagsrunda by på nokre minneverdige augneblinkar også.
Hei og velkomen til livedekning av Champions League-oppgjeret mellom Anderlecht og Arsenal!