TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Då enda det 2-2 her i Finnmarkshallen. Ingen av laga er nok fornøgde med det, sjølv om det nok er rettferdig. Hødd tok leiinga to gongar, og ulsteinvikarane såg nok føre seg å reise heim med tre poeng fram til det gjenstod eitt minutt av ordinær tid. Da vakna Christian Reginiussen og utikna med eit god langskot. Begge lag hadde sjansar til å dra sigeren i land, men det mangla litt i dei avgjerande augneblinkane. Dermed beheld Alta sin 2. plass på tabellen, medan Hødd framleis er på 3. Takk for fylgjet!
Kamp slutt Slutt (2-2)
90+1'
Alta står høgt no. Sandal får beina ballen unna etter eit innkast.
90'
Nok ein glimrande Hødd-sjanse! Laget kjem tre mot tre, men i staden for å spele fri Viddal som var heilt åleine, avsluttar Sandal egoistisk utanfor. Feilval.
89'
Farleg innlegg som Braaten nesten når fram på. Her bølgjar det kraftig fram og tilbake!
88'
Stor sjanse for Hødd! Latifu kjem seg overraskande lett inn i Alta si boks, men han vel å skyte tidleg og skotet går rett på Efendic. Der kunne han ha gått enda nærare før han skaut.
88'
Christian Reginiussen prøvar seg igjen, men skotet frå langt hald har Nyland god kontroll på. Skal Alta klare å ta alle tre poenga her?
87'
Mål!
2-2
Reginiussen styrer eit innlegg kontant i mål. Svært fortent utlikning!
86'
Spillerbytte
85'
Frispark til Hødd på 25-26 meter. Karlsen skyt håplaust utanfor. Svakt utnytta.
85'
Reginiussen er svært nære på å få ballen i Hødd si boks, men bortelaget får teke over.
84'
Stoppar Vasilev fossar framover, men Grimstad headar unna innlegget hans.
83'
Alta held fram med å presse, men bortelaget vinn eit frispark og kan roe litt ned.
80'
Spillerbytte
78'
Nok ein kjempesjanse for Alta! Ein spelar kjem seg åleine inn i boksa, men under hardt press set han ballen så vidt til side for mål. Utruleg at det står 1-2 framleis.
78'
Hjørnespark
Endar i ingenting.
78'
Braaten får teke ned ballen og sender i veg eit skot som Nyland må gi corner på. Såg ut til å gå så vidt utanfor det skotet.
76'
Nok ein stor sjanse for Alta! Vegard Braaten får plutseleg ballen på 7-8 meters hald, men etter å ha vendt seg kjapt skyt han utanfor frå nærast liggjande posisjon. Alta fortener verkeleg ei utlikning her no.
76'
Nikolaisen blir spelt frå på venstrekanten, men blir avvinka for offside.
73'
Spillerbytte
72'
FOR ein sjanse for Alta! Ngom får stå fullstendig åleine framføre Nyland, men frå 2-3 meter klarar han berre å heade rett på målvakta. Den var ferdigscora.
70'
Nyland får nok ein gong buing imot seg når han skal ta utspark. Keeperen drøyar tida litt, og det er ikkje populært blant Alta-folket.
69'
Braaten får teke ned ballen i Hødd si boks, men Latifu er kjapt på han og får øydelagt.
69'
God sjanse for Alta! Ngom får stå heilt åleine framføre mål etter eit presist innlegg, men han bommar totalt med hovudstøytet.
67'
Spillerbytte
66'
Mål!
1-2
FOR EIT MÅL! Diomande får gå fritt og spissen avsluttar nydeleg i mål bak ein forfjamsa Efendic som ikkje rekk å reagere. Hødd har teke leiinga igjen!
65'
Hjørnespark
Blir heada unna på første stolpe før heimelaget vinn eit innkast.
65'
Nesten at Karlsen får dratt seg fri og avslutta i Alta si boks.
63'
Alta har fått blod på tann etter utliknga, men også Hødd er farlege på kontringar. Dette er fullstendig ope.
62'
Spillerbytte
61'
Sandal og Heltne Nilsen står klare. Førstnemnte skyt i muren, før han sender returen langt over mål. Svakt utnytta av laget kledd i svart.
60'
Frispark til Hødd i god posisjon. Sandal som blei felt.
59'
Mål!
1-1
Heimelaget held oppe trykket etter Braaten sin miss, og Larsen sendar i veg eit kjempeskot som Nyland har liten sjanse på. 1-1 i Finnmarkshallen!
59'
Kjempesjanse for Alta! Braaten får eit perfekt innlegg, men frå 4-5 meter bommar han totalt på ballen. Der burde Alta ha utlikna.
58'
Gult kort
Er oppe med ein høg fot når han går inn i ein duell med Grimstad. Såg greitt nok ut.
56'
Frispark til Alta i veldig god posisjon! På hjørnet av sekstenmeteren. Gauseth er klar. Midtbanespelaren lobbar inn på bakerste stolpe, men keeper Nyland får ein svært enkel jobb med å gå opp og plukke. Altfor lite aggressivitet blant heimelagets spelarar der.
56'
Stoppar Vasilev kjem fossande framover, men den avgjerande pasninga blir for svak.
55'
Braaten prøvar å dra seg forbi Brandal, men sistnemnte får rydda opp. Adeccoligaens toppscorar har ikkje lukkast med altfor mykje hittil i kampen.
54'
Kampen har opna seg mykje meir opp no. Begge lag stormar i angrep så fort sjansen byr seg.
53'
Hjørnespark
Går rett inn til Efendic som får gå opp åleine og plukke ballen.
52'
Stor sjanse for Hødd! Sandal og Kazeem kontrar, men sistnemnte brukar for langt tid og avslutninga frå kort hald blir glimrande blokkert av ein Alta-spelar.
52'
Alta med langt innkast. Keeper Nyland slepp ballen og held på å rote den i mål.
52'
Klock får rydda opp når Braaten prøvar seg.
52'
Braaten kjem til innlegg på høgrekanten. Ballen går i Klock og publikum ropar på straffe. Domar Borgersen lar spelet gå, og det såg ut til å vere ei korrekt avgjersle.
51'
Erik Sandal kjem til nok ei avslutning, men får ikkje skikkeleg dreis på skotet.
50'
Alta kjem fint framover, men Larsen får eit dårleg touch og lagar etter kvart frispark.
49'
Både Sandal og Kazeem kjem til avslutningar, men Alta får blokkert det første, medan det siste endar over.
48'
Hødd pressar på, men Alta klarer å stogge dei før dei kjem til avslutningar.
47'
Om dette resultatet står seg vil Hødd utruleg nok toppe tabellen for andre gong i årets sesong! Alta er i augneblinken på 3. plass.
46'
Spillerbytte
46'
Heimelaget startar med ballen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då står det 1-0 til Hødd her i Finnmarkshallen. Hødd-trenar Lars Arne Nilsen har lukkast godt med sin taktikk for å ta ut Vegard Braaten, for med unntak av eit skot i metallet har ikkje Alta skapt all verda. Hødd har vore farleg frampå ved litt fleire høve, så det er nok ikkje noko å seie på at ulsteinvikarane leiar. Vi gler oss til ein spanande 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
44'
Kazeem får frispark eit godt stykke inne på Alta sin halvdel. Sandal og Heltne Nilsen står klare. Endar i eit skot som går langt over.
43'
Alta har vore relativt tame etter Hødd si scoring, med unntak av Rolandsen sitt skot i tverrleggaren.
41'
Nesten for Hødd. Kazeem skyt ein meter eller to utanfor.
36'
Hjørnespark
Rolandsen headar unna.
35'
Nilsson med eit farleg innlegg. Nyland får kasta seg og fanga ballen. Alta-spelarane var altfor tamme framføre mål der.
34'
Kazeem skyt via ein Alta-spelar og ut, men får utruleg nok ikkje corner.
33'
Heimelaget lagar bra med liv her i Finnmarkshallen, men noko overraskande er det at bortelaget sine fans gjer det same. Fleire frå Ulsteinvik som studerer i Alta har teke turen, men meir imponerande er det at Blåsarane Henrik Roppen og Andreas Notøy har teke turen frå Sunnmøre, i BIL!
29'
Tverrleggarskot! Heimelaget går rett i angrep, og ein heilt utspelt Nyland kan berre sjå på at avslutninga frå Markus Rolandsen smell i metallet. Utruleg nære på direkte utlikning der!
28'
Mål!
0-1
Hødd vartar opp med ei nydeleg kontring! Sandal og Heltne Nilsen er involverte, før stoppar Klock blir spelt fri på høgrekanten. Han kjem seg til dødlinja og slår presist inn til Adama Diomande som har ein enkel jobb å putte frå få meter.
27'
Diomande ligg nede på eigen halvdel etter å ha blitt felt av ein Alta-spelar. Ligg nede ei stund før han kjem seg opp att.
27'
Heltne Nilsen med ei sein takling på Larsen. Ungguten må passe seg no ettersom han allereie har fått sett det gule kortet.
24'
Diomande kjem bra framover på ei kontring, men den avgjerande pasninga treff han ingen med.
23'
Det har vore jamnt så langt i kampen, og Hødd har med sin nykomponerte 3-5-2-formasjon klart å stogge farlege Vegard Braaten. Så langt.
20'
Diomande prøvar å kome seg forbi Nilsson på venstrekanten, men Hødd sin toppscorar blir for hard og lagar frispark.
18'
Hødd får til slutt frispark etter at ein Alta-spelar visar knottane i ein duell.
18'
Innkast til Alta høgt i bana.
17'
Gult kort
Er for tøff i ein duell.
15'
Kazeem dreg seg flott innover, men skotet hans blir blokkert.
14'
Heltne Nilsen prøvar seg frå distanse. Ballen skrur utanfor.
14'
Endar med utspel frå Nyland.
13'
Brandal lagar frispark. God innleggsmoglegheit for Alta.
1'
Då er endeleg livedekninga av denne kampen i gong, etter litt problem. Laga kjem så fort vi får orden på sakene!
Avspark Start 1. omgang