TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Då er det også over i Manchester, og med berre eitt Real Madrid-poeng etter 1-1 betyr det at Borussia Dortmund er vinnarar av Gruppe D! Ajax må kjempe med Manchester City om 3. plassen som gir spel i Europa League. Takk for følgjet!
Borussia Dortmund tek ein solid siger over Ajax i Amsterdam. Tyskerane var meget effektive, og scora fire mål på seks-sju sjansar. Heimelaget hadde ballen mykje, men skapte først moglegheiter når kampens var avgjort.
Kamp slutt Slutt (1-4)
90+3'
Omlag eitt minutt att å spele her.
90+2'
Eriksen slår inn, men over alle og til utspel frå Weidenfeller.
90+2'
Framleis 1-1 i Manchester mellom Manchester City og Real Madrid. Det ser ut til at Borussia Dortmund skal bli gruppevinnarar.
90+1'
Det blir lagt til minimum tre minutt denne omgangen.
90+1'
Bra press frå Ajax no, men det kjem sjølvsagt altfor seint.
90'
Fischer får ballen på bakerste stolpe og prøvar å slå den inn foran mål, men utføringa er dårleg og Dortmund kan overta.
88'
God sjanse for Ajax! Lukoki avanserer flott innover mot Dortmund sitt bur, men i den avgjerande augneblinken blir han for sjølvoppteken og går for skot i staden for å sentre til ein betre plassert medspelar. Weidenfeller har ein enkel jobb med å halde skotet.
86'
Mål!
1-4
Ajax får eit trøystemål. Eriksen med eit fint førearbeid til Hoesen. Innbyttaren er heldig og skyt via Subotic og ballen dalar i ein bue over Weidenfeller.
84'
Gult kort
Trakkar Lewandowski på baksida av leggen.
83'
Lite nemneverdig som skjer no. Ingen av laga er spesielt interesserte i å angripe.
81'
66-34 i ballinnehav i favør Ajax, men det står 0-4 i målprotokollen.
79'
Spillerbytte
78'
Stor sjanse for Ajax! Innbyttar Fischer får ei pasning på seks meters hald, men presterer å setje den rett på Weidenfeller. Ajax sin beste sjanse i kampen.
78'
Det er liten tvil om at Borussia Dortmund må nemnast som ein outsidar til Champions League-trofeet denne sesongen. Frå før av har tyskarane ein slik tittel å vise til. Det skjedde i 1996-1997-sesongen.
76'
Die Schwarzgelben trillar ball, og Ajax har nok med å springe imellom.
74'
Straffe i Manchester! Aguero scorar, og dermed 1-1. Det betyr at Borussia Dortmund kan bli gruppevinnarar i dag.
73'
Spillerbytte
70'
Spillerbytte
70'
Hoesen kjem til heading inne i boksa, men han står feil veg og klarer berre å stusse ballen inn i nevane til Weidenfeller.
67'
Mål!
0-4
Der er det i alle fall avgjort! Lewandowski ser ut til å lure offsidefella til Ajax, og med eit fint nedtak plasserer han ballen på innsida av ein utrusande Vermeer. Då blir dette ei rein transportetappe for Dortmund.
66'
Sjanse for Ajax igjen! Schöne får ein retur i bra posisjon, men får ikkje eit godt nok treff og jobben blir enkel for Weidenfeller.
64'
Hjørnespark
Blir klarert. Dortmund beheld kula.
64'
Spillerbytte
63'
Spillerbytte
62'
Nesten for Ajax! Eit presist innlegg blir sendt inn i boksa, og Boerrigter får heada på mål, men rett i ein motspelar. Boerrigter ropar på straffe, men domaren vinkar spelet vidare.
62'
Også Enoh får litt behandling - på olbogen han brukte til å treffe Bender i ansiktet med!
61'
Enoh med ein olboge i ansiktet på Bender. Det tyske arbeidsjernet må gå på sidelinja med blodet drypande. Det ser ikkje ut til å vere tilsikta frå Ajax-spelaren.
60'
Ajax held fram med å trille bra, men Dortmund-spelarar forflyttar seg bra og gjer romma små for dei raude og kvite.
58'
Götze prøvar seg frå distanse. Høgt over buret til Vermeer.
56'
Fin start på omgangen frå Ajax, men hittil har det altså ikkje resultert i redusering.
53'
Gult kort
Dei fleste på stadion trur det har blitt blåst straffe, men i staden får Mario Götze sjå det gule kortet for filming. Vanskeleg å avgjere kva som er rett der. Dortmund-spelaren hjelp bra til når han dett, men samtidig er det nok kontakt frå Ajax-forsvararen.
53'
Enoh med ei grusom tversoverpasning. Heldigvis for han ordnar lagkameratane opp.
51'
God sjanse for Ajax! Eriksen blir spelt fri på skrått hald bak Dortmund sitt forsvar, men åleine med Weidenfeller blir dansken litt for ubesluttsam og bortelagets keeper får blokkert forsøket.
51'
Boerrigter på eit flott løp, men for ein gongs skuld vel Eriksen feil, og ein sjanse til å kome åleine med Weidenfeller forsvinn.
49'
Hjørnespark
De Jong kjem først på den, og med det noterer vi Ajax første moglegheit - etter 49 minutt!
49'
Lukoki vinn ein corner.
48'
Kan verkeleg Ajax klare å kome tilbake her? Fire scoringar er nok i det meste laget på ein omgang, men om dei vartar opp med ei kjapp redusering veit ein aldri kva som kan skje.
Start 2. omgang Start 2. omgang
45'
Spillerbytte
Det står 3-0 til Borussia Dortmund etter 46 minutt med uhyre effektiv fotball. Ajax har hatt mykje av spelet, men hollendarane har hittil ikkje klart å skape sjansar. Dortmund skapte på si side fire sjansar i omgangen, og scora på tre av dei. Om dette står seg er tyskarane vidare til sluttspelet, medan Ajax i beste fall kan håpe på 3. plassen og spel i Europa League. Vi håpar på ein like målrik 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (0-3)
45+2'
Bortelaget er nære på å få tråkla seg inn i Ajax si boks, men heimelaget får stoppa forsøket.
45+1'
På tribunene verkar det faktisk som om Ajax-fansen applauderer Borussia Dortmund sin fotball! Ein fin gest.
45'
Supertalentet Mario Götze har vore involvert i alle Dortmund sine tre scoringar, medan hans tilsvarande part i Ajax, Christian Eriksen, har vore relativt usynleg.
44'
Ein må nesten berre synest synd på Ajax. Laget til Frank de Boer speler og speler, men det er Dortmund som scorar og scorar.
41'
Mål!
0-3
For ein effektivitet! Frisparket blir først klarert, før Götze avsluttar via ein motspelar og på mål. Vermeer må gi retur rett ut i farleg område, og frå kort hald har Lewandowski ein grei jobb med å putte Dortmund si tredje scoring i kampen. 3 mål på 4 sjansar!
41'
Frispark til Dortmund i bra innleggsposisjon.
40'
Boerrigter avsluttar, men skotet blir blokkert.
40'
Dette blir veldig, veldig tøft for Ajax. Om resultatet mellom Manchester City og Real Madrid held seg, MÅ Ajax ha minst tre scoringar og siger her.
39'
Ajax har altså styrt det meste av spelet her, men dei to einaste sjansane har gått til Dortmund, og begge har resultert i scoring!
36'
Mål!
0-2
Borussia Dortmund scorar også på sin andre sjanse i kampen! Eit frispark blir teke kjapt, og ein litt heldig Götze får teke med seg ballen innover i boksa før han fyrer av i nærmaste hjørne. Ikkje patent spel av hverken forsvaret eller keeper Vermeer der, men likevel ein bra prestasjon av Götze.
36'
Ajax slår ein del langt, men hittil har stopparane Hummels og Subotic hatt bra kontroll.
34'
Gündogan misser ballen på eigen halvdel, men er heldig og får eit litt billeg frispark av domar Proença.
33'
Poulsen stoppar ein overgang kynisk, og dansken er heldig som slepp å få sjå det gule kortet.
32'
Lang ball mot Boerrigter, men han er under hardt press og misser kula like fort som han fekk tak i den.
32'
Nære på at Raus kjem seg heilt inn til mål etter eit bra sololøp. Han får til slutt kula litt for langt ifrå seg, og dei kvite og raude kan overta.
30'
Dortmund kjem på ein veldig bra overgang, men Götze rotar med ballen og Ajax kan overta.
29'
Eriksen slår inn, men bortelaget får stanga unna.
29'
Ajax har definitivt presset her no, men førebels har vi berre fått éin sjanse i kampen, og den enda i scoring for Borussia Dortmund.
28'
Blind prøvar å slå inn, men forsøket går i Piszczek før det endar i nok eit innkast.
27'
Lang ball mot Blind. Innkast til Ajax høgt i bana. Det blir teke kjapt.
26'
Piszczek slår fint inn, men heimelaget får rydda unna.
25'
Götze prøvar å dra seg laus utanfor Ajax si boks, men stortalentet blir stoppa.
24'
Lukoki slår inn, men det er litt for mykje luft under ballen og Weidenfeller kan stige til vêrs og fange den nokså greitt.
24'
Ajax er aggressive og vinn ballen godt inne på Dortmund sin halvdel.
23'
Litt meir initiativ frå de Amsterdammers no.
22'
Hjørnespark
Weidenfeller får klarert, men Ajax held oppe trykket. Eriksen får moglegheita for skot, men plasserer ballen godt over mål.
21'
Boerrigter slår ut via ein motspelar og får corner.
20'
Schmelzer slår inn mot bakerste stolpe, men Ajax får klarert.
19'
Frispark til bortelaget.
18'
Gult kort
Spring inn i Piszczek bakfrå.
18'
Dortmund jobbar bra kollektivt og hindrar heimelaget i å finne rom. I augneblinken har laget til Jürgen Klopp full kontroll.
17'
Lukoki jagar ball høgt i bana, men Hummels har bra kontroll og headar kontrollert tilbake til Weidenfeller.
16'
Tidlegare Liverpool-spelar Christian Poulsen vender fint opp, men blir felt av Sven Bender og får frispark.
15'
Småfint spel av Ajax. Eriksen prøvar å tre igjennom ein ball, men eit Dortmund-bein kjem i vegen.
14'
Ajax slit med å få til spelet sitt her. Borussia Dortmund har ballen minst like mykje.
13'
Målet var for øvrig Reus si tredje hittil i Champions League denne sesongen. Lewandowski er nr to på lista med to fulltreffarar hittil.
11'
Då har også Real Madrid teke leiinga i den andre kampen i denne gruppa, noko som betyr at Ajax i augneblinken er ute av Champions League.
8'
Mål!
0-1
For ei scoring! Götze sender i veg ein presis stikkar bak Ajax-forsvaret, og der kjem kjem Reus stormande før han sender ballen mellom beina til Vermeer og i mål.
6'
Vermeer trøblar med ei klarering, og Dortmund vinn ballen rett utanfor Ajax' si boks. Bortelaget kjem klarer derimot ikkje å skape noko.
4'
Hjørnespark
Ikkje altfor godt slått, og dei gulkledde får klarert.
4'
Blind slår farleg inn, og Weidenfeller må bokse den over eige mål. Corner.
3'
Farleg ball i Dortmund si boks. Lukoki får teke ned ballen på brystkassa, men får den for langt framføre seg slik at Weidenfeller kan plukke den.
1'
Då er vi i gong!
Avspark Start 1. omgang
No står laga klare, og vi er kort tid unna kampstart!
I Amsterdam er det for øvrig 8 grader og bana er mjuk.
Dagens domar er portugisiske Pedro Proença. Han blir assistert av Tiago Trigo og Bertino Miranda.
Utgangspunktet for dagens kamp er altså at Ajax absolutt bør vinne for å kunne avansere, for i neste runde ventar Real Madrid på bortebane. Borussia Dortmund er på si side klare for utslagsrundene med eitt poeng i dag.
Die Schwarzgelben har ikkje mange skadeproblem, men kan heller glede seg over at Jakub Blaszczykowski er med igjen etter å ha vore ute sidan byrjinga av oktober.
Ajax-manager Frank de Boer må klare seg utan Ryan Babel til denne kampen. Førstekeeper Kenneth Vermeer er derimot tilbake etter å ha stått over førre kamp.
Dortmund er også i bra form, med 4-2-0 på sine seks siste. I kampen før dagens oppgjer blei Greuther Furth slått 3-1. Også Borussia Dortmund ligg eit stykke unna toppen i sin daglege liga. Bayern Munchen toppar med ni poeng framføre laget til Jürgen Klopp.
Heimelaget har 3-2-1 på sine seks siste kampar i alle turneringar. Førre kamp enda med 2-0 heime mot VVV-Venlo. Nederlendarane har ikkje imponert spesielt mykje i den heimlege ligaen, for etter 13 runder befinn dei seg på 4. plass, ni poeng bak PSV.
Dortmund har 2-2-0 på sine kampar hittil. Dei har slått dagens motstandar Ajax og Real Madrid heime, medan det har blitt poengdeling borte mot Madrid og Manchester City. Laget til Jürgen Klopp har med det vist at dei kan hamle opp med kven som helst i denne turneringa.
Ajax har 1-1-2 på sine fire første kampar. Etter tap i sine to første oppgjer sanka dei imponerande fire poeng mot Manchester City etter 3-1 heime og 2-2 borte. Ajax leia som kjent 2-0 etter kort tid, men dei lyseblå kom seg tilbake, og blei også snytt for sigeren heilt på tampen av oppgjret.
Gruppe D har blitt så jamn som mange spådde på førehand. Borussia Dortmund toppar med 8 poeng, medan Real Madrid befinn seg på 2. plass med eitt poeng mindre. Ajax har framleis heng på dei to øvste plassane, med 4 poeng hittil, men laget må nok ha tre poeng i dag for å kunne avansere. Noko overraskande er det hardtsatsande Manchester City som ser ut til å forsvinne ut, og ingenting anna enn siger mot laget frå Madrid er godt nok om ikkje Roberto Mancini sitt mannskap skal ryke ut i gruppespelet også i sin andre sesong i Champions League.
Hei og velkomen til livedekning av Champions League-oppgjeret mellom Ajax og Borussia Dortmund!